Re: Irske Attac mot EU

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 31-05-01


Mer 30 mai 2001 17:02:49 -0400
Jon Hareide Aarbakke <Erasmus@operamail.com> a écrit:

> Men er det meining i å vere for EU-medlemskap og mot globalisering,
> konsentrasjon av kapital, osb? (kva gjer FOSSEN i Attac????)

Tja, det finst tydelegvis nokre som ser det slik. Om Fossen har ein plass
i Attac, veit eg ikkje. Fenomenet Fossen kjenner eg eigentleg ikkje til,
ikkje anna enn nokre overflatiske og lettbeinte fraser her og der. Men ein
får vera tålmodig, så vil det nok med tida vise seg at slike som Fossen og
t.d. denne karen http://www.attac.org/fra/asso/doc/doc5106.jpg
representerer to vidt forskjellige innfallsvinklar, to livssyn, to måtar å
møte universet på. Det trengst meir slingringsmonn enn rett tru for å få
til ein organisasjon som Attac. Stiftingsmøtet er berre byrjinga.

> Mitt bilete av EU er at det er behova til kapitalen som sit i
> førarsetet.

Ja, det har du vel rett i, og dette er eit av aspekta i kampen for eit
anna Europa. Denne kampen går føre seg kvar dag, enda han knapt er synleg
i norske media. Her i Frankrike har våren vore prega av dei massive
oppseiingane hjå Danone, Moulinex og Marks & Spencer (no byrjar det også
hjå Alcatel høyrer eg). Ein har m.a.o. kunna studere finanslogikken utan
møye den siste tida. Diverre er fagrørsla noko splitta, men det har vore
fleire interessante aksjonar. Ein "delegasjon" av 1200 tilsette hjå Marks
& Spencer drog m.a. til hovudkvarteret i London for å seia kva dei meinte
om å bli oppsagde enda selskapet går med overskot. Eit noko tamt
lovforslag om regulering av oppseiingstrenden måtte utsetjast, fordi
kommunistpartiet truga med å stemme mot. Regjeringa og den moderate
venstrekoalisjonen risikerte med andre ord å bryte saman. Kommunistpartiet
gjekk kraftig tilbake ved lokalvalet i vår, noko som til dels kom
trotskistane til gode (LO/LCR). Av taktiske grunnar kjenner såleis PCF seg
pressa til å ta eit steg til venstre. Den sosiale forverringa og ei
gryande økonomisk krise (nok ein gong) fører sjølvsagt til ei
radikalisering. Attac står midt oppi dette, og er ein svært høveleg og
effektiv organisasjon. Attac spenner breitt og har representantar frå
mange område: kultur, vitskap, media, landbruk, fagrørsle,
interesseorganisasjonar, parlamentariske organ:
http://www.attac.org/fra/asso/doc/structures.htm

Attac er først og fremst ei folkeopplysningsrørsle som aksjonerer. Ikkje i
vilden sky som Fossen ser ut til å meine, jf
http://www.klassekampen.no/cgi-bin/nyheter.pl/2001/05/3102.html , men på
bakgrunn av ein analyse av situasjonen. Det er vel og bra det du seier om
innrettinga til EU, men dette er berre eit aspekt av den liberale
globaliseringa. Det blir altfor snevert og sløsing med tid og krefter å
gjera Attac til eit NTEU-2. Verda er elles langt meir enn Noreg og EU.

Eit langt viktigare spørsmål no, er spørsmålet om representasjon, dvs. å
sørgje for at det utøvande organet ("landsstyret") blir representativt.
Det er sjølvsagt meiningslaust å opprette eit Attac Noreg utan
representantar for småbrukarane og fagrørsla t.d.

Av og til verkar det som om det ikkje er Attac og det internasjonale
felleskapet som denne organisasjonen representerer som er så interessant,
men kva Attac kan brukast til. I det søkkrike Noreg er det ikkje
nødvendigvis kampen for ei betre verd som er drivkrafta. Nokre ser andre
utvegar i dette. Ved hjelp av klassiske maktmiddel blir det oppretta
fraksjonar og tendensar. Alle vil sy skoen etter sin eigen leist. Men
slikt har ein sett før. Deler av eliten i det norske samfunnet starta
karrieren på slike springbrett for nokre tiår sidan. Det er lenge sidan
det var eit så lovande høve i Noreg. Det viktigaste av alt er å unngå at
Attac Noreg blir ein reiskap for dei klatresjuke.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST