Re: Irske Attac mot EU

From: Jon Hareide Aarbakke (Erasmus@operamail.com)
Date: 30-05-01


Men er det meining i å vere for EU-medlemskap og mot globalisering,
konsentrasjon av kapital, osb? (kva gjer FOSSEN i Attac????)
Mitt bilete av EU er at det er behova til kapitalen som sit i førarsetet.
Dette tyder ikkje at ikkje EU driv med politikk; dei politiske og byråkratiske
organa må jo drive med noko dei også. Men EU handlar _mykje_ om at europeisk
industri skal effektiviserast til eit nivå der han kan ta opp kampen med USA
og Japan om ein plass i sola.
Som leiaren for ABB sa ein gong for mange år sidan: i Europa er det 6
produsentar av lokomotiv. I USA er det 1. Europa har altså 5 for mange.
Dette aspektet av EU kan du ikkje ta ut av EU. Det er som å si at du er for
pinnsvin, men mot piggar. Dei kjem med på lasset.
Meiner eg.

Når det gjeld Euroen, så hadde eg ein samtale med ein ven som er økonom
(Fin-dep) for nokre år sidan. Han sa at valutaer som flyt ansyndes kvarandre
verkar som bufferar mot skilnadar i produktivitet: mao, viss italienske
arbeidarar produserer færre bilar/time enn dei tyske, vil dette reflekterast i
svakare italiensk valuta (av di bilane vert dyrare -> færre kjøparar -> mindre
etterspurdnad etter lire). Når liren vert billegare, vert også Fiatane
billegare i utlandet, så fleire kjøpar dei! Valutaflyten verkar altså dempande
på slike skilander. Når vi låser kursane mot kvarandre (slik stoda er no), vil
skilnadene i produktivitet verte "synlege", og det aukar sjansen for at lite
produktive verksemder døyr.
USA har ein stor økonomi som er sett saman av mange regionar, og der skjer det
at når ein region har sterk nedgang (stålbeltet, bilproduksjon i Detroit), så
er det få mekanismar som kompenserer for dette, og resultatet vert nedlegging
- og at folk flyttar! Denne mobiliteten vantar nok i Europa - enno. Men folk
kan verte tvungne til å flytte i større grad enn før. Kanhende. Poenget mitt
er at dette er ei side ved Euroen eg ikkje har sett diskutert mykje, for å
seie det slik. Effekten av dårlege konjunkturer i eit land kan heller ikkje
dempast når budsjettunderskotet er begrensa av den EU, og krava til
konvergens, eller kva det heiter.

Jon
-------------------------------------------------
You can fool enough of the people enough of the time
-------------------------------------------------



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST