Re: Irske Attac mot EU

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 30-05-01


Mer 30 mai 2001 17:19:19 +0200
Trond Andresen <trond.andresen@itk.ntnu.no> a écrit:

> At 16:33 5/30/01 +0200, Oddmund Garvik wrote:
> >.........
> >Det har vel elles lite for seg å diskutere kva dei andre meiner, men
> >skal ein på død og liv ha dokumentasjon, kan ein like godt slå opp på
> >denne:
> >http://www.attac.org/ireland/page20.htm eller denne
> >http://flag.blackened.net/revolt/global/nice00/attac_mobil.html
>
> Det gjorde jeg nettopp, og begge nettsteder inneholder flengende kritikk
> av EUs politikk, og av EU-kommisjonen.
>
> Har vi lest de samme tekstene, Oddmund?

Bien sûr, og det finst liknande tekstar på andre Attac-sider. Men det er
forskjell på "flengende kritikk av EUs politikk, og av EU-kommisjonen" og
"Irske Attac mot EU". Irske, franske og andre Attac kjem stendig med
kritikk av EU-kommisjonen, og er mot mange sider ved EU sin politikk
og funksjonsmåte i dag, men utmelding står ikkje på dagsorden. Ein kjempar
for eit anna Europa. Dette er den store (eller vesle) forskjellen som
introduksjonen til Friborg på eit vis tåkela.

Ta det roleg... eg er ingen EU-tilhengar av norsk type. EU-standpunktet
til Attac Noreg får bli slik dei avgjerande og representative organa
bestemmer. På den andre sida ser eg ikkje det heilt store i å ha to
anti-EUrørsler i Noreg. Attac si rolle er først og fremst å ta opp kampen
mot globaliseringa i eit breiare perspektiv. Det er mogleg at konklusjonen
på dette i Noreg inneber eit Nei til EU standpunkt. Det ville derimot vera
sekterisk og heilt feil å ekskludere dei som tenkjer annleis i
utgangspunktet. Dei som eventuelt er mot den liberale globaliseringa
samstundes som dei er for norsk EU-medlemsskap har like stor plass i Attac
som dei andre. Eg tykkjer det er tragisk at det skal vera så vanskeleg å
einast om dette. C'est tout !

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST