Kampanje mot ratifisering av Nice-traktaten (Re: Irske Attac mot EU)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 01-06-01


Som eit apropos til det som skjer i Irland, ser eg at det også her i
Frankrike er forskjellig aktivitet rundt dette spørsmålet. Franske
Indymedia (Independent Media Center) http://france.indymedia.org/ har
saman med Urfig (Unité de Recherche, de Formation et d'Information sur la
Globalisation) teke initiativ til ein aksjon mot ratifiseringa av
Nice-traktaten som skal handsamast av det franske parlamentet 5. juni.

"Fordi me har fått nok av dette Europa som blir bygd for dei
transnasjonale selskapa og som berre har ein politikk: liberalismen.

Fordi me avviser dette Europa som blir pressa gjennom utan at folk blir
spurde, utan debatt, utan demokrati, utan sosialt innhald, utan humanitet.

Kor lenge skal den europeiske politikken gjennomførast som i Nice, bak eit
skjold av soldatar og politi, utan nokon som helst demokratisk debatt?
Eller som i Davos og Bilderberg dei siste 50 åra, diskret, i elegante
salongar stilt til disposisjon av dei transnasjonale selskapa?

Det er på bakgrunn av dette at me i dag sender ein appell om å signere og
sende dette opne brevet
http://www.france.indymedia.org/display.php3?article_id=2663
som du gjerne kan personalisere, for å seia som i Seattle, Praha og neste
gong i Genova: "the whole world is watching you !", heile verda ser dykk!"

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST