Re: folkerettsekspert: Israel skyldig i utallige krigsforbrytelser

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 01-06-01


Jeu 31 mai 2001 22:19:31 +0200
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:

> ....En norsk folkerettsekspert som sier hva Israel rent juridisk driver
> med: statsterrorisme, blir helt fortiet i norske medier. Til alt hell
> omtales han i "Politiken".

Det var litt av eit samantreff: tidlegare i kveld kom eg over denne saka
på den israelske vevsida til Indymedia (Independent Media Center):
http://www.indymedia.org.il/imc/israel/webcast/display.php3?article_id=3914

Eg såg at opphavet var NTB, og tenkte kanskje at det alt var nemnt i
norske aviser. Eg refererte det ikkje. Men du har sjølvsagt rett - alt er
ikkje like "verdig" til å bli lagt fram i norske media.

Ein annan ting: No når Attac vonaleg er stifta, er det kanskje ein idé
også å opprette ei norsk antenne av det same IMC. Det finst alt i Sverige:
http://sweden.indymedia.org/

Eg har vore involvert i arbeid for fleire IMC, både som skribent og
fotograf. Det er diverre slik at dokumentarjournalistikk og
dokumentarfotografi har dårlege kår i dag. Independent Media Center er
kanskje den einaste internasjonale organisasjonen for publisering av
uavhengig materiale no til dags (utanom det eksklusive Magnum og eit par
andre biletbyrå). Elles finst det sjølvsagt nokre få aviser, magasin og
tidsskrift att, men dei er spreidde for alle vindar, og har hovudsakeleg
lokale nedslagsfelt.

Dette ville vera ein langt meir gjevande og konstruktiv debatt, enn den
obskure debatten om (alternative) diskusjonsforum som herja her for nokre
månader sidan. Diskusjon er viktig nok, men ein blir fort gåande i ring om
ein berre diskuterer.

Skru av, eller kast tv'en og tenk på alt som kan gjerast ved hjelp av
digitalt audiovisuelt utstyr. (Sjølv har eg berre eit par gamle mekaniske
Leica M kamera, ein gamal linuxboks og nokre blyantar, men ein kan likevel
gjera interessant arbeid om ein har klåre tankar, gode idear, er observant
og legg seg i selen.)

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST