Re: Gamle og nye nasjonalistar.

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sat Oct 07 2000 - 12:44:18 MET DST

  • Next message: Karsten Johansen: "hjerner i lake"

    Karsten Johansen a écrit :
     
    > Bjørkedal høres nå pluselig ut som et ekko av Garvik med sin forakt for
    > vanlige serberes evne til å forstå etterhvert. Egentlig er dette bare
    > spesielle varianter av (u)norsk nasjonalsjåvinisme: dere tror dere er så
    > gode ved å hjelpe verden med å bli som dere selv.

    Du blir visst meir og meir hysterisk, Johansen. Du dekkjer deg bak
    skjellsord og ein flom av oppgulp og sitat. Du vrir og vrenger på det
    ein seier og skriv, og når du klagar over at andre gjer det same, skyt
    du deg sjølv i foten.

    "Dokumentasjonen" din er utklipp frå her og der, som du brukar til å smi
    verda i ditt eige egosentriske verdsbilete. Du vil vera "den ene mot de
    mange", ei lettvint og komfortabel haldning. Du kan halde fram med
    retorikken din så mykje du vil. Det fører ingen veg.

    I ditt blinde hat mot alt du ikkje likar, freistar du å setje meg i bås
    med borgarskapet, makta, og det som værre er, men det har ingen effekt.
    Eg gidd ikkje å "diskutere" med deg lenger. Ikkje fordi eg ikkje er i
    stand til å stå imot determinismen og dei unyanserte framstillingane
    dine. Nei, mest av alt fordi det er bortkasta tid.

    Du har gjort klimadebatten og miljøspørsmål til ein slags kjepphest. Men
    det du skriv, er ikkje så banebrytande som du kanskje trur. Her skriv
    sjølv reaksjonære aviser som Le Figaro og Le Parisien om klimaendringa
    og årsakene til den. I resten av pressa er sjølvsagt desse spørsmåla på
    ingen måte tabu. Heller ikkje i radio og tv.

    For min eigen del har eg teke konsekvensen av ideane mine, og innretta
    meg deretter. Kvifor trur du eg fyrer med ved og nyttar solceller?
    Kvifor trur du eg korkje har bil, eller sertifikat? Kvifor er eg ikkje
    eit karrieremenneske? Skulle eg vera ein slik lakei som du freistar å
    gjera meg til, hadde vel alt dette vore utan meining.

    Du stemplar meg som "storeuropeer", men du veit ikkje kva du snakkar om.
    Eg er innbyggjar av eit land der det europeiske samarbeidet er
    institusjonalisert, eit land som på sett og vis er lokomotivet i det
    Europa du mislikar til dei grader. Euro er offisiell valuta, og er til
    stades i kvardagen, enda det førebels berre er virtuelle penger for
    vanlege folk.

    Kva skulle eg gjera? Skulle eg slå meg i lag med Pasqua, de Villiers og
    Le Pen og dei andre på ytre høgre? Avvise den europeiske integrasjonen,
    agitere for eit "Europe des Nations" saman med resten av dei
    ultrareaksjonære kreftene? Dei same som for halvtanna år sidan forsvarte
    Milosevic, skreik opp om overgrep mot den "serbiske sjølvråderetten",
    "internasjonale avtalar", og "internasjonal rett"? Dei som liksom visse
    andre "oppdaga" krigen i det tidlegare Jugoslavia åtte år for seint?

    Sjølvsagt kan eg ikkje det.

    Eg er ein av mange på den europeiske venstresida som debatterer det
    framtidige Europa og andre spørsmål heile tida. Denne debatten har gått
    føre seg i årevis. Det finst eit grasrotrørsle av motkrefter som er
    langt meir talrik, og viktig enn du innbiller deg. Du kan gjerne stemple
    denne som "storeuropeisk" om det passar inn i verdsbilletet ditt, eller
    naiv. Du kan freista å lime det du energisk kallar "The United States of
    Europe" til det amerikanske motstykket, for liksom å understreke kor
    forkasteleg det er.

    Meiningsfellane mine er alle mot marknadsliberalismen og slost på
    forskjellige nivå mot utslaga av denne. Me slost for eit demokratisk og
    humanisert Europa, og for institusjonar som gjer dette mogleg. Me slost
    mot alle negative resultat av globaliseringa, men er ikkje mot
    globaliseringa i seg sjølv. Vegen er lang, og resultata er ikkje så
    talrike, men slik har vel idealistar hatt det til alle tider. Poenget er
    at det går framover, og at rørsla er internasjonal og
    internasjonalistisk. Det er ikkje snakk om å isolere seg og forsvare
    "våre interesser". Det er ein solidarisk kamp som står langt over
    debatten om det framtidige Europa (som berre er eit aspekt) - det er ei
    øving i det motsette av navleskoding. Dette høyrer til den politiske
    kvardagen min.

    Du har rett i at menneske på botnen er likeins overalt i verda. Men
    dette er banalt, og eg oppdaga det i min pure ungdom. Eg har aldri rakka
    ned på danskar som stemte nei til Euro-deltaking, eller serbarar som
    deserterte, eller opponerte for den saks skuld. Heller ikkje nordmenn
    som stemmer nei til EU. Eg tar avstand frå visse ekskluderande
    haldningar og alle former for nasjonalsjåvinisme. Når eg kritiserer
    visse sider av "motstanden" i dei nemnde landa og i andre land, er det
    fordi fikseringa av det nasjonale og "våre interesser" er eit blindspor.

    Å halde fram med "debatt" på dine premisser er også eit blindspor, og eg
    set hermed strek.

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Oct 07 2000 - 12:46:55 MET DST