Re: Hvor er de nå, de som anklaget serberne?

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Fri Oct 06 2000 - 13:19:06 MET DST

  • Next message: Oddmund Garvik: "Re: "Førebels" (Re: Ingen " blåmandag" for Europa)"

    Karsten Johansen a écrit :
    
    > Alle ser vel klart nå hvor Bjørkedal plasserer seg. Alle de rasende utfall
    > mot undertegna og andre står fram i sitt rette lys, etterhvert som de
    > serbiske arbeiderne får med seg soldater og statens øvrige voldsapparat
    > i det som ligner mest av alt på en ekte folkelig revolusjon.

    Det er lenge sidan eg slutta å diskutere med Bjørkedal. Eg har ikkje
    diskutert så mykje i det heile tatt i det siste, av personlege og
    tekniske årsaker.

    No kjem Johansen og forlangar "forklåring" frå "de som anklaget
    serberne". Men eg ser ingen grunn til å gi noka forklåring. Det eg
    skreiv her i samband med krigen i Kosovo, står framleis ved makt, og i
    den grad eg kritiserte den serbiske opposisjonen (eller mangelen på
    opposisjon), må dette sjølvsagt sjåast på bakgrunn av situasjonen då det
    blei skrive. Dette burde vera elementært.

    Kor vidt me ser ein "ekte folkeleg revolusjon", får tida vise. Like lite
    som eg let meg fortrylle av den danske folkeavstemminga, like lite lar
    eg meg fortrylle av hendingane i Serbia. Hadde eg vore serbar, hadde eg
    sikkert vore i gatene og hoja. Det er "normalt" at slike hendingar blir
    opplevd som frigjering. Men det er ikkje det som er spørsmålet for meg.
    Her i Frankrike gjer arbeidarar, bønder og studentar opprør med jamne
    mellomrom. Det hender ministrar går av. Men ein kan ikkje kalle det
    revolusjon. Den siste franske revolusjonen var i 1968. I dag tilhøyrer
    mange av dei som var på barrikadane den gongen, samfunns- og makteliten.
    Og det sit framleis ein president som kallar seg gaullist i
    Elysée-palasset. Ein må lære seg til å relativisere.

    Johansen freistar å trekkje parallellar mellom folkeavstemminga i
    Danmark og presidentvalet i det tidlegare Jugoslavia. "Arbeiderklassen"
    i dei to landa sa nei til makta, men er det nok til å endre politikken
    og samfunnet? Kva hjelper det om eit fleirtal av folket seier nei til
    makta, når dei kastar seg om halsen til falske profetar? Kva hjelper det
    om eit fleirtal av den norske "arbeiderklassen" stemmer nei til EU, når
    dette fleirtalet nokre år seinare er viljuge til å gi halvfascistar
    stemmeseddelen?

    Når det gjeld situasjonen i Serbia/Montenegro/Kosovo, har eg ikkje så
    mange kommentarar førebels. Eg gler meg over at Milosevic truleg er
    ferdig, og vonar den nye makta viser at ho verkeleg er forskjellig. Eg
    vonar for serbarane sin del at landet deira blir fritt og får eit
    demokratisk styresett. Så fritt og demokratisk det kan bli etter så
    mange år med undertrykkjing. Eg vonar at dei smått om senn blir kvitt
    korrupsjonen og mafiaverksemda. Men eg er ikkje sikker på om
    Kosovo-spørsmålet får noka løysing på kort sikt. Den serbiske
    opposisjonen har som kjent aldri tatt avstand frå propagandaen om den
    serbiske vogga i Kosovo. Tida får vise om dei er i stand til å ta eit
    oppgjer med dette.

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Oct 06 2000 - 13:21:53 MET DST