Re: "Førebels" (Re: Ingen " blåmandag" for Europa)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Fri Oct 06 2000 - 13:19:39 MET DST

  • Next message: Trond Andresen: "Glimrende Jerusalem-kommentar"

    Dette svaret kjem litt seint av same årsaker som eg nemnde i ei anna
    melding.

    Bjarne Naerum a écrit :
    
    > Jeg håper at ikke også Garvik er ute etter å skitne til "rabulistane" her:
    >
    > >Allusjonar til "verkeleg" internasjonalt samarbeid på
    > >venstresida ser ein diverre korkje spor, eller resultat av. Det at 400
    > >norske rabulistar nyleg for til Praha, forandrar ikkje ein millimeter på
    > >dette. Førebels.
    
    Demonstrasjonane i Praha føyer seg inn i rekkja av noko som har blitt
    ein tendens, og som har skapt opphavet til ei internasjonal rørsle. Ei
    rørsle eg sluttar opp om og stør med heile mitt hjarte. Eg ynskjer på på
    ingen måte å sverte denne rørsla. Men om reisa til Praha ikkje får
    oppegåande organisatoriske resultat i Noreg, er eg redd det norske
    innslaget berre blir eit slag i lufta.

    Eg kjenner ikkje til kva som rører seg i dei forskjellige krinklar og
    krokar på den norske venstresida, og eg har sjølvsagt ikkje den
    oppskrifta som Staurset ville ha. Ikkje anna enn at sekterismen må bort,
    og kivinga mellom dei forskjellige partia og fraksjonane.

    Eg trur elles det må skapast ei ny rørsle som går på tvers av etablerte
    parti og grupper. Som de kan tenkje dykk, trur eg diverre at "Nei til
    EU" ikkje representerer eit godt utgangspunkt. EU-debatten i Noreg er
    altfor sær og unyansert, og har visse overtonar som ikkje høyrer heime i
    ei internasjonal(istisk) rørsle. Men det er berre mitt standpunkt som
    dei fleste av dykk kjenner alt, og som få deler.

    Kanskje den norske Prahakommiteen kunne bli eit utgangspunkt? Eller
    aksjonen til forsvar for velferdsstaten? Kvifor ikkje ei rørsle knytt
    til ATTAC http://www.attac.org/ ? Det har lenge forundra meg at det
    ikkje finst noka norsk avdeling av denne organisasjonen, berre norske
    heimesider... som Vidar Rekve held liv i.

    De får diskutere vidare. Om eit år eller så sit truleg Carl I. Hagen i
    den gode stolen. Det er kanskje på høg tid også å tenkje litt på kva det
    kjem til å føre med seg...

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Oct 06 2000 - 13:22:09 MET DST