Re:_Er_det_muleg_å_diskutere_med_

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Thu, 03 Sep 1998 12:22:32 +0200

On 02.09.98, at 16:36, Lars Staurset wrote:
>> Som jeg har sagt tidligere: Jeg gidder ikke diskutere min debatt"stil" med
>> AKPere eller deres få åndelige arvtakere. Det er like fruktbart å diskutere
>> sånne spørsmål med dem, som det er å diskutere EU med Thorbjørn Jagland.
>> Kan dere ikke snart få dette inn i huene deres? Jeg har jo sagt dette mange
>> ganger allerede. Hallo????
>
>Dette tolkar FS som at TA ikkje vil diskutere *politikk* med AKP-folk.
>Tolkinga er kanskje litt dryg, sidan TA skreiv om *debattstil*, men TA
>gjer ikkje noko for å avsanne ho. Tvert om: I eit seinare innlegg,
>http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0376.html, skriv
>han...

Nei, grunnen til at eg tolkar TA slik at han ikkje ynskjer å diskutera *politikk* med
AKParar er ikkje (berre) ut frå utsegna ovanfor. Tolkinga byggjer på at han i stil
og tone ikkje syner vilje til å villa diskutera med AKParane -- han vil heller slå dei
hovudet. Sjå elles dei andre innlegga mine om dette. T.d.:
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0223.html

Her skriv eg mellom anna om personkarakteristikkar:
>(...) Karakteristikkane tener berre til å psyka opp dei som ynskjer AKP alt vondt,
>til å styrka fordomane til dei som ikkje veit noko særleg om AKP, og til å irritera
>AKParane -- slik at ein kan vera sikker på å få mest mogleg dritt og surmaga
>oppstøyt attende.
>
>Dersom eg ynskjer å samarbeida med og ha dialog med nokon, då krydrar eg
>ikkje innlegga mine med ord som "renegatar", "borgarskapens siste skanse",
>"landssvikarar", "forstokka", "halvtullingar" e.l. Usemjer og motsetnader er
>faktisk bra det, so lenge ein veit noko om korleis ein arbeider for å oppnå
>einskap. Dersom det er slik at nokon ikkje ynskjer å ordskifta med AKParar,
>då kan eg skjøna slik dårleg framferd, men kom ikkje då og kall nokon andre
>for partifikserte!

Hans haldning til alt som minnar om AKP og andre han er usamde med i ulike
spørsmål (her kjem konspirasjonsteorien/oppfatninga inn) står i vegen for reellt
ordskifte. Ynsket om å oppnå einskap der det er mogleg, synast fråverande.
Difor tolkar eg det slik at Trond ikkje er reellt interessert i å diskutera politikk
med AKParar -- so sant han ikkje er samd med AKP i utgangspunktet.

>For min del vel eg å oppfatte AKP-folk som enkeltpersonar. Sjølvsagt
>veit eg at dei, som andre, organiserer seg ("konspirerer") når dei skal
>føre viktige debattar, men slikt er det lite av på KK-forum. Korsomer,
>argumenta - gode, dårlege eller vikarierande - får tale for seg. TA
>skriv forresten sjølv at

Eg tek aldri det Trond skriv som noko anna enn ei personleg meinings-
ytring, so sant han ikkje skriv under med "listeadministrator". Det er ein
sentral del i vanleg nettikette at folk berre representerer seg sjølv so
sant dei ikkje sjølv presiserer noko anna.

TA>> Denne "taktiske" tenkninga gjelder sjølsagt ikke alle, men noen av
TA>> de smartere og/eller mer erfarne i grupperinga.
LS> Kanskje det er håp for dei andre, som er mindre smarte?

Då fær eg vel vona at eg er ein av dei mindre smarte, då? :-)

-F-