Stilproblem_på_KK-forum=3F

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Mon, 27 Jul 1998 15:44:18 +0200

Stilproblem på KK-forum?
(Innlegget vart litt for(?) langt, og sidan eg byrja på før helga, kan det jo henda at eg repeterer det nokon har sagt, men det fær våga seg.)

Eg trur det er to hovudproblem med KK-forum, dvs. hovudgrunnar til at folk vegrar seg for å skriva innlegg:

Når du skriv eit innlegg (ev. svarer på eit anna) kan du forventa to reaksjonar:
1. Ingen reaksjon -- ingen gidd svara, sjølv om du skriv om noko du meiner er viktig og
ynskjer å få ordskifta med nokon om.
2. Mange aggressive svar frå folk som ikkje er interessert i å overtyda deg om noko som
helst. Poenget deira er å "vinna" ordskifte med alle middel. Du vert putta i bås, karikert
og driten ut for omverda. Eventuelle poeng dei som svarer på innlegget har, kjem ikkje
fram til deg av di du føler at dei går til åtak på deg som person.

Det fyrste er eit problem i alle ordskifte-fora. Du kan sjølvsagt ikkje venta at alle skal interessera seg i alt du skriv, og dessutan kan det jo vera at folk rett og slett er samde i det du skriv og at dei ikkje gidd å kommentera det av di det ikkje er noko banebrytande. Men det kan verka som om det er like vanleg at folk berre svarer på innlegg der det mogleg å "grusa" forfattaren. Dersom nokon faktisk scorer poeng og "tek deg" i logisk svikt/veikskapar i resonnement, då kan du berre la vera å nemna det og heller gå til åtak på andre punkt. Skal du unngå vanskelege spørsmål som utfordrar meiningane dine, noko du har sagt eller noko du har gjort, då gjer du det ved å ikkje svara.

Dessutan er det jo svært ulikt i kva tempo folk fylgjer med på KK-forum. Dersom du ikkje har lese innlegg på ei veke, kan det verka litt dumt å slengja inn eit innlegg i eit avslutta ordskifte, eller det kan vera so mange innlegg at du berre skumles kjapt det som verkar mest interessant. Eg trur at tida folk har til å fylgja med på KK-forum er ganske varierande. Det tek tid og krefter å både lesa og ikkje minst skriva innlegg. (Det gjeld vel alle slike fora. Eg hugsar t.d. då eg fylgde med på nyhendegruppa no.norsk og vart involvert i eit heftig nynorsk/bokmål-ordskifte. På det verste tok det over halvannan time kvar dag.)

Ganske ofte har eg lyst til å ta opp tråden frå eit eller anna innlegg, men stort sett kjem det ikkje lenger enn at eg *tenkjer* på kva eg skal svara. Eg har i tillegg minst eit dusin halvskrivne innlegg liggjande. Grunnane til at eg ikkje får fullførd dei, kan vera fleire. Det kan vera at andre har sagt om lag det eg hadde tenkt, men i oftast so er det slik at eg ikkje orkar å posta noko som ikkje er skikkeleg gjennomarbeidd og tenkt gjennom fleire gonger. Eg sit med ei kjensle av at "gribbane og heiltidskverulantane" sit klår til å drita meg ut og tråkka på meg for den minste lille ting eg kan arresterast for. Det kan jo tenkjast at eg er ein skikkeleg feiging, men eg likar faktisk ikkje tanken på å verta låtteleggjord.

Eg vil freista å konkretisera dette med gribbane og utdritinga. Er det ein ting eg er samd med Trond Andresen og Karsten Vedel Johansen i, so er det at det må vera lov med litt fresk tone og engasjement. Eg vert fyrst usamd når dette argumentet vert eit forsvar for stygg karikering og båssetjing av motdebattanten. Å karikera ei meining meiner eg er greitt til eit visst punkt, men i den augneblinken du går på person og ikkje på politikk/innhald, då kryssar du etter mi oppfatting ei grense. Personen som skal svara for seg vert då mindre i stand til å sjå, ev. politiske poeng han bør svara på eller tenkja på -- nettopp av di han då må bruka mange krefter på å forsvara sin person. Han/ho må kjempa for å ikkje kjenna seg tråkka på/utddriten.

Ein annan vanleg hersketeknikk som er flittig brukt her på KK-forum, er å tillegga meiningsmotstandarane skjulte/dårlege motiv, gjerne ispedd litt psykologisering og karakterisering av partiet/gruppa denne personen tilhøyrer.

T.d. vert alle me som seier noko om at me tykkjer det er dårleg tone her på KK-forum møtt med at me er eit hylekor av AKParar og AKP-sympatisørar som berre ynskjer å leggja lokk på alt ordskifte, me manipulerer med den avanserte "hersketeknikken" at me påpeikar og kritiserer nokre av dei hersketeknikkane som vert nytta her på forumet. I det heile teke er alle som vågar å kritisera stilen delar av ein diger stalinistisk konspirasjon.

23.07.98 skreiv Trond Andresen:
>Dessverre så er ikke "jentene" og "ungdommen" særlig troverdige
>i denne diskusjonen. De fleste av Johansen-kritikerne sokner enten til
>AKP, eller til AKP-fløyen i Rød Ungdom, og dette er viktig å være klar
>over.

Dette er viktig å vera klår over, folkens. Dei er AKParar!
Kva med å ta for seg argumenta? Det er ikkje slik at eg er samd i all kritikken og alt som vert sagt mot t.d. KVJ. T.d. er det idiotisk å skriva at folk generelt er "møkk lei" han. Det er ein fordømt irriterande blokktenkjing her ("oss og dei").

Sjølv er eg AKPar, og eg er drit lei av å ikkje verta teken for sjølvstendig individ. Dersom ein eller annan AKPar seier noko dumt eller kan dritast ut for noko, då vert det teke som nok eit prov på kor fælt og tragisk partiet AKP er. Dersom eg derimot seier noko lurt, då er det greitt, då er eg dum AKPar med nokre lure meiningar.

Det er heldigvis ikkje sånn at AKP er ei homogen masse der det ikkje er motsetnader. Det er ikkje uvanleg at eg er samd med Anders eller Karsten og ikkje Mathias eller andre AKParar i sume spørsmål. So lenge ordskiftet er realt og folk fær fram argument, har ikkje eg som AKPar noko mot å vera meir samd med ein "anti-AKPar" framfor ein partimedlem. Eg tykte t.d. at det siste Stalin-ordskiftet mellom hovudsakleg Mathias og Anders var bra lenge, fram til det vart litt for mykje flisespikking og "les den og den boka ...", og eg tykte Ekeland hadde nokre bra poeng.

(I og for seg artig å sjå korleis AKP er svære og dominerande i den eine augneblinken: Alle som kritiserer er AKParar eller AKP-styrte -- t.o.m. folk som har uttalt seg kritiske til AKP i mange år, vert karakterisert som AKP-læresveinar. I den neste augneblinkeen derimot er det viktig å understreka kor låtteleg små og patetiske AKP er.)

Folk må gjerne vera usamd med AKP, og det er og forståeleg at ein ikkje har det beste tilhøvet til partiet etter ymse konfliktar og slikt. Problemet på KK-forum er at t.d. Trond Andresen, Karsten VJ, Arne Eriksen og Anders Ekeland krydrar alle moglege innlegg med karakteristikkar AKP som t.d. håplause, manipulatoriske. Ta t.d. eit par utdrag frå innlegget til Karsen frå 22.07.1998 kl. 19:32: "de partifikserte debattsabotørenes kvasireligiøse misjonsvirksomhet" (...) "og vender fryktelige og tungetalende tilbake med samtlige hersketeknikker finpusset".

Éin ting er at bilete hans av kva AKP er og gjer, er både paranoid og konspiratorisk og langt frå røynda, men problemet med slike karakteristikkar er at alt ein kan svara med er: "Nei, slik er det ikkje", "slik er me ikkje" osv. Det går ikkje å argumentera sakleg mot slike karakteristikkar utan å fyrst konstruera/leita fram sakleg kritikk/innhald. Karakteristikkane tener berre til å psyka opp dei som ynskjer AKP alt vondt, til å styrka fordomane til dei som ikkje veit noko særleg om AKP, og til å irritera AKParane -- slik at ein kan vera sikker på å få mest mogleg dritt og surmaga oppstøyt attende.

Dersom eg ynskjer å samarbeida med og ha dialog med nokon, då krydrar eg ikkje innlegga mine med ord som "renegatar", "borgarskapens siste skanse", "landssvikarar", "forstokka", "halvtullingar" e.l. Usemjer og motsetnader er faktisk bra det, so lenge ein veit noko om korleis ein arbeider for å oppnå einskap. Dersom det er slik at nokon ikkje ynskjer å ordskifta med AKParar, då kan eg skjøna slik dårleg framferd, men kom ikkje då og kall nokon andre for partifikserte!

Heilt til slutt vil eg seia at eg ikkje ynskjer å skvisa vekk Karsten VJ eller nokon andre. Eg meiner at Karsten har mykje lurt å koma med (sjølv om eg kan vera usamd og verta provosert innimellom), og han er kunnskapsrik. Det eg ynskjer er at både han, TA og fleire andre frå alle grupperingar kan skjerpa stilen -- fokusera meir på meiningane, mindre på personane -- og innsjå at klaginga på stil *ikkje* er berre ein hersketeknikk eller eit manipulatorisk grep frå AKP, men faktisk eit reellt problem for KK-forum, ikkje heile tida, men ganske ofte. Dersom ikkje stilen vert betre på sikt, då ser eg ikkje poenget med å halda fram på/med KK-forum.

-F-