Stalinisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-07-02


Eg ynskjer bryta med "privatiseringa" av alle meiningar, der standpunkt
liksom skal vera ei "privatsak" som ein ikkje skal diskutera. Eg meiner
standpunkt er personlege posisjonar ein godt kan diskutera innanfor råmene
av alminneleg folkeskikk. Då er det ein regel som er viktig: Folk må få
definere seg sjølv.

Ein som er katolikk, er katolikk. Ikkje "jævla papist".
Ein muslim er ein muslim. Ikkje Muhammedanar.

På dette viset får du eit meir uanstrengt og ope ordskifte.

Dette må sjølvsagt også gjelda maoistar. Maoistar er ikkje "stalinistar",
uansett kva dei måtte meina om Stalin. Den revolusjonære marxismen er
historisk kløyvd opp i tre hovudgreiner: Maoisme, gamalkommunisme og
trotskisme. Då synest eg vi kan bruka dei omgrepa - og eg synest det er
usakleg stemplingstaktikk å driva ein uendeleg kamp mot folk sine
sjølvdefinisjonar.

I tillegg synest eg dette evinnelege Stalin-gnålet er litt usmakeleg,
uansett Gulag og andre ting som eg ikkje ser nokon grunn til å driva å nekta
for. Far min vaks opp i Sør-Varanger under krigen, og vart frigjort av
Raudehæren i 1944. Det var ein disiplinert, og litt russisk godmodig hær som
tok over styret av området - på mange måtar var dei norske polititroppane
vanskelegare å ha med å gjera.

Når det gjeld det totalitære ved Stalintida, syner eg til førre innlegg. Men
eg meiner det skal god mage til å fråkjenna Sovjetunionen under Stalin alle
positive drag. Særleg etter at landet ofra uhyggeleg mange millionar
menneskeliv i ein heroisk kamp for fridom - også vår fridom. Sovjetunionen
bar åleine heile vekta av den tyske øydeleggjingsmaskinen i tre år - mellom
1941 og 1944. I denne omgangen avgrensar eg soleis diskusjonen om stalintida
til dette heimesnekra åndsverket:

I serien ”klassiske verk”

Du kan seia kva du vil om Stalin
men spela orgel, det kunne han
svære kantatar, veldige som Bach
tok det tyske publikum med storm

før oppsetninga var det stor spenning
mange hadde samla seg i foajeen
ein smilande Molotov serverte cocktails
etter å ha konversert med Ribbentrop

so slapp organisten sjølv til:
Veldige, iskalde, kvite vidder
eld og stål, himmel og helvete
kaskadar av lyd og larm
til publikum låg langflate

Det var ei matt stemning etterpå
verket vart berre sett opp ein gong
ingen andre enn Stalin hadde slike orgel
tonane døydde ut, stilla fylte konsertsalen
og i dag er det knapt nokon som hugsar
korleis melodien eigentleg var.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST