Re: Redneck Manifesto

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-07-02


Sanning og løgn i USA

Karsten Johansen manar til "den ytterste forsiktighet" når ein skal
orientera seg i det amerikanske landskapet. Eg trur det er ei dårleg
oppskrift. Eg vil difor freista forklara litt kva poenget er, etter mitt
syn.

Eg meiner du historisk kan finna mange døme på det eg vil kalla totalitær
logikk, eller totalitær makt. Dette er periodar då ordskifte og tenkjing
stivnar til, og atmosfæren i staden blir prega av meir eller mindre
overtydande svadaproduksjon. Mekanismane i slike system er ulike. Eg meiner
det systemet som blir antyda i innlegget "nykonservative pengar og
meiningar" her på KK-forum er ein illustrasjon av slik totalitær logikk og
svadaproduksjon. Ivrige Stalin-sitatsprøyter på tredvetalet i Sovjetunionen
likeeins. Men eg trur også den lutherske ortodoksien som prega Nord-Europa
og delar av Tyskland i århundra etter Luther er eit døme på slik totalitær
logikk. Og eg trur vi bør ha eit klårtenkt, men avslappa tilhøve til det
totalitære. Ein må finna måtar å bryta den totalitære logikken på.

Det grunnleggjande i eit totalitært system er frykt. Frykt er ein dårleg
rettleiar. I den grad du meiner du lever i ein atmosfære prega av totalitær
logikk, bør du gjera det motsette av å syna "den ytterste forsiktighet".
Tvert om bør du vera så stor i kjeften at du kartlegg maktstrukturane
gjennom utprøving.

Eg meiner både den marxistiske tradisjonen, og den kristne, har slåande døme
på anti-totalitær tenkjing som freistar bryta makta til vonløysa og redsla.
Eg vil bruka to døme -
først Brecht:

General, din tank er en sterk vogn

General, din tank er en sterk vogn. Den bryter ned en skog og knuser hundre
mennesker. Men den har en feil: Den trenger en sjåfør.

General, ditt bombefly er sterkt. Det flyr fortere enn stormen og bærer mer
enn elefanten. Men det har en feil: Det trenger en montør.

General, mennesket er meget nyttig. Det kan flyve og det kan drepe. Men det
har en feil: Det kan tenke.

Dette er eit svært godt dikt. Men det har ein feil: Det legg knusktørt vekt
på berre ei side av menneskeånda: Intellektet. Det er mange som har gjort
storverk med eit godt hjarte, og eit stort mot. Tenkjing er ikkje alt. Og du
må handla, sjølv når tanken køyrer seg fast. Difor synest eg dette litt
naive er betre:

Alltid freidig når du går
veier Gud tør kjenne
selv om du til målet når
først ved verdens ende

Aldri redd for mørkets makt
stjernene skal lyse
med et fadervår i pakt
skal du aldri gyse

Kjemp for alt som du har kjært
dø om så det gjelder
da blir livet ei så svært
døden ikke heller

Eg trur altså ikkje på "den ytterste forsiktighet". Tvert imot trur eg ein
skal møte amerikanarar med same sjølvsagte og litt naive generøsitet som
amerikanarar møter oss med.

Gudsangst og anti-amerikanisme

Vi er i den litt paradoksale situasjonen at vi på den eine sida lever i
amerikanske mytar, medan vi på hi sida har nokså stor avstand til det
amerikanske. Eg trur vi har eit arbeid å gjera her. Utgangpunktet mitt er at
USA historisk er meir ulikt oss enn Russland når det gjeld politiske og
intellektuelle tradisjonar - og at vi må ha dette i bakhovudet om vi skal
gjenoppretta eit rett bilete av USA. Eg meiner at biletet vårt er falskt, og
at det byggjer på den mistydinga at vi trur "liberal" i USA er det same som
"venstre" her. Men det amerikanske systemet har ein heilt annan logikk.

Kvifor? Historisk er det europeiske systemet forma av motsetnad mellom
alminnelege folk på den eine sida - tradisjonelle elitar på hi. Dei
tradisjonelle elitane var anten slike som embetsmennene i Noreg, junkarane i
Prøyssen eller adelen i England. Dette gav det europeiske systemet eit
grunnleggjande høgre-venstremønster, som ligg til grunn for all politisk
tenkjing.

Dette må vi leggja til sides når vi kjem til USA. de Toqueville skildra
årsakene og dei grunnleggjande mønstra i boka "Demokratiet i Amerika" (ho
ligg på engelsk på nettet - norsk utgåve for nokre år sidan). Dei einaste
den franske adelsmannen de Tocqueville fann i USA som minna om tenkjemåtar
og haldningar i europeisk adel, var indianarane. Det finst altså ikkje noko
"høgre" og "venstre" i USA, og forsøk på å bruka dette skjemaet vil berre
føra til at ein får eit falskt bilete.

Marx var så innforstått med dette at han ikkje brukte eit europeisk mønster
når han analyserte USA i åra rundt borgarkrigen. Sjå til dømes:

The North American Civil War
http://www.marxists.org/archive/marx/works/1860/uscivwar/cw01.htm

Dei to grunnleggjande posisjonane i Marx sin analyse meiner eg er det som i
amerikansk tradisjon heiter patriotisme og konstitusjonalisme. Problemet er
at slaveeigarane på grunn av at dei er eit avvik frå prinsippet om like
menneskerettar representerer eit trugsmål mot anden i konstitusjonen, og i
neste omgang fridomen. Og det er samanheng mellom konstitusjonell fridom og
patriotisme.

Likeeins meiner dette er eit døme på ei helsing som legg vekt på Lincolns
patriotisme:

Address of the International Working Men's Association to Abraham Lincoln,
President of the United States of America
http://www.marxists.org/archive/marx/works/1864/11/29.htm

For å frigjera tenkjinga vår, meiner eg difor vi må tilbake til Marx, og
freista få eit friskt blikk på amerikansk politikk. Dette trur eg er
naudsynt, i staden for å "alliera" seg med ei imaginær, amerikansk
venstreside på ein måte som først og fremst går ut på å byggja inn
tankesperrar i hjernen. Med det seier eg ikkje at vi skal slutta å lesa
solide, amerikanske marxistar som td. Ward Churchill. Men vi må ikkje laga
oss eit innsnevra, "liberalt" farga amerikansk bilete.

Eg meiner såleis at skuldingane om "anti-amerikanisme" har eit visst
grunnlag, og at vi bør gå litt i oss sjølve. Det er svært viktig for oss å
byggja opp alliansar med dei viktigaste motkreftene i amerikansk politikk.
Og då må vi læra oss å skilja mellom ekte og falsk konstitusjonalisme, ekte
og falsk patriotisme og ekte og falsk kristendom. Eg meiner USA idehistorisk
er bygt på litt av den same grunnen som det Aasmund Olavsson Vinje har
uttrykt i ei svært godt dikt:

Kunnskap skal styra rike og land
og yrket skal båten bera
og ingen skal vera ein styresmann
og ingen skal vera ein styresmann
som ikkje ein mann kan vera.

Vår jord skal odlast og dyrkast på
av sterke og harde hender
så gutar må føde og klede få
så gutar må føde og klede få
og veksa til sterke menner.

All æra må liggja i ærlegt strev
og beda i sannings tempel
og den som av Gud fekk sitt adelsbrev
og den som av Gud fekk sitt adelsbrev
han treng kje til kongens stempel.

Kva skal vi vera redde for?

Først og fremst skal vi vera redde for å ikkje forstå. Eg trur ikkje
europearar heilt er klar over kor frustrert mange amerikanarar kan bli av
slike ynkelege forestillingar som Colin Powell si reise i Midt-Austen. Det
er alt som er stort og heilagt med "the Constitution" og "the Nation" som
står på spel for dei. Så skriv dei td. bøker med titlar som "One nation
under Israel" - og med det meiner dei at Israel har vorte ein avgud for USA,
og at USA ikkje skal ha avgudar. Den amerikanske konstitusjonelle gudsfrykta
er ein "pluralisme i ortodoksi" som europearar ikkje forstår, og som har
mange likskapstrekk med islam. Poenget er at den amerikanske konstitusjonen
føreset at det berre finst ein Gud - og at alle dei ulike religiøse
retningane såleis dyrkar ein og same Gud. Difor skal sjølvsagt alle ha same
fridom: "One Nation under God". Dette er ei setning fylt av ekte patos for
ein amerikanar, det er ord som uttrykkjer patriotisme og fridomskjensle. Og
når dei så freistar ta eit oppgjer med avgudsdyrkinga av Israel - blir dei
møtt med stempling: "Antisemittisme". Eg utelukkar ikkje at det finst
jødehat i USA - men eg meiner vi må undersøkja, og opna opp diskusjonen. Og
eg trur vi kan finna naturlege allierte i dette landskapet.

Jim Goad har eit anna utgangspunkt. Han er vakse opp i ein fattig, valds- og
alkoholprega kvit arbeidarklasse som er den einaste etniske gruppa i USA som
er fritt vilt for all verdas hån på grunn av "dårleg smak", "innavl" og
liknande. Dei heiter "white trash" eller "redneck" i liberal diskurs - begge
omgrepa er svært nedsetjande. Goad slåss med desse spørsmåla - delvis med å
bruka den "dårlege smaken" offensivt og provoserande mot det liberale og
tolerante. Ikkje alt er like vellukka - men noko er det. Og eg oppfattar han
ikkje som skodespelar. Eg trur siste fengselsopphaldet kjem av at mannen
slåss med seg sjølv og sitt eige prosjekt i fullt alvor. Eg er først og
fremst usamd med han når det gjeld hat. Eg er samd med kritikken hans av
"hatretorikken" til dei liberale. Men eg trur likevel at hat er ei kjensle
som einast avgrensar di eiga evne til å handla. Du kan gjera alt betre utan
hat, med reint hjarte og rein tanke. Også krig: Eg meiner eit av
hovudproblema til amerikanske soldatar er at dei hatar alt for mykje. Eg
trur dei finske soldatane Vainö Linna skildrar i "Ukjend Soldat" er langt
meir effektive militært - avdi dei ikkje hatar.

Likeeins med kristendom. Religion er viktigare for amerikanarar enn for oss.
Eg meiner den kristendomen td. Johnny Cash forkynner er storslått, og langt
meir amerikansk enn folk som Pat Robertson. Vi må læra oss å sjå skilnaden.
Songar som "Ring of Fire","San Quentin", "Folsom Prison Blues", "Man in
Black", "Flesh and blood", "Daddy Sang Bass" og "Highway Man" meiner eg er
erkeamerikanske uttrykk for stor ande og stort hjarte, og gjev ein ide om
kva kristendom på amerikansk kan vera for noko. Av ein eller annan fisfornem
grunn lyttar ikkje skandinaviske intellektuelle på slikt.

Det er dette generøse og hjartelege ved det amerikanske vi må nå inn til.
Elles tørkar vi ut. Då blir verda vår som den Georg Johannesen skildrar i
Ars Moriendi:

Søndag

Undulatene har vært tamme
så lenge at de flyr i bur
etter at sprinklene i brystet er fjernet

Sommeren kom etter tyve år
Da var hendene sommerfugler
De grep ikke hardt om noe

Ariadne hjalp meg ikke
Labyrinten ble revet innenfra
Slik fant jeg ut av den

Torsdag

Jeg lærer mauren å tro
at det ikke fins gran
bare brune nåler og for mange maur

Jeg flyr etter fluen
Jeg aper etter apen
Jeg skjærer hånden av og gir til hunden

Jeg lærer ulven å ule lavt
Jeg lærer spurven å oppsøke høken
i den tro at fugl er fugl

Fredag

Jeg gjør steinen til lærer for min sønn:
Uforanderlig er jorden
Jeg lærer min datter å ligge med hoggorm

Jeg drysser DDT over min mor
Jeg gir rotten hemmelige tenner
Jeg lærer bjørnen å skjule labbene

Jeg lærer tyven å skjule tyvegodset:
Legg det overalt
Stjel alt

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST