Re: Stalinisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-07-02


Harald Fagerhus skriv:

HF:"Tyske soldater var så vidt jeg vet også relativt disiplinerte i Norge.
Hitler innførte barnetrygd i Tyskland. Han avskaffet arbeidsledigheten og
han lagde flotte Autobahner. Skal dette trekkes fram som fordelaktig for
Hitler? Eller er dette evinnelege Hitler-gnålet litt usmakeleg?"

HOB:Ikkje akkurat usmakeleg. Men framstillingane av Hitler-tida er ofte
svært forteikna og fordummande. Du blir ikkje akkurat klokare av å tru at
Hitler var ein "gal mann" og "besatt av ondskap". Eg sit for tida og les
"Nasjonalverket det Nye Norge", utgjeve som praktverk av NS under krigen. Eg
synest det er bra at Hitler og NS tapte krigen, men eg trur mange kunne tent
på å setja seg inn i kva fascisme og nazisme faktisk var - i staden for
berre å forhalda seg til den diabolske karikaturen. I boklageret mitt ein
stad har eg òg ein analyse av Indisk historie og Ghandi si rørsle skrive av
ein tysk nazist, og gjeve ut på NS-forlag under krigen. Ho gjev ein god og
råkande kritikk av britisk imperialisme.

HF:"Å forsvare Stalin med henvisning til at millioner russere ble drept i
"ein
heroisk kamp for fridom" blir vel nesten som å forsvare Sharon med
henvisning til Holocaust? "

HOB:Nei - men sjølv om eg ikkje forsvarar Sharon, er eg svært mot
demoniseringa av han. Sharon er ikkje problemet - han er systemets fange
(jada, eg veit at han er krigsforbrytar). Vi blir dumme av den lettvinte
demoniseringa - og når det gjeld konflikten i Palestina, er dette
livsfårleg. Eg trur faktisk eg heller vil ha Sharon enn Barak om eg måtte
velja (det slepp eg heldigvis). Og Sharon forsvarar seg jo ikkje akkurat mot
åtak frå eit økonomisk og militært langt meir utvikla samfunn. Eg synest
samanlikninga haltar.

HF: "Man kan jo også diskutere hva slags "fridom" de sloss for. Deler av
Sovjetunionen ønsket jo tyskerne velkommen, så Stalins regime kan umulig ha
vært like frihetlig for alle."

HOB:Nei - det gamle Russland var ein svært sinnrik konstruksjon, med mange
etniske motseiingar. Slik også Sovjet. Har eg påstått at "Stalins regime var
like frihetlig for alle"?

HF:A "Stalin var medansvarlig for opprustinga av Hitlertyskland. Han fornyet
vennskapsavtalen med Tyskland etter at Hitler kom til makta. Senere
opprettet Hitler og Stalin en "fredspakt" osb. osb. osb"

HOB: Har du prøvd å setja deg inn i maktlogikken i Europa i mellomkrigstida:
Isolasjonspolitikken mot Sovjet og Tyskland, det franske hegemoniet i
Aust-Europa osb.? Handlar statsleiarar ut frå prinsippet om "frie val",
eller improviserer dei "det moglege" innanfor nokså bundne strukturar?

HF: "B) I sin paranoia hadde Stalin drept store deler av offiserskorpset
(ca. 30
000 mener jeg å ha hørt) før annen verdenskrig. Dette fikk høyst
sannsynligvis konsekvenser for krigføringa. "

HOB: "Stormannsgalskap", "paranoia" osb: Slike omgrep blir historikaren klok
av. Eg tenkjer vi avskriver alle herskarar før ca. 1700 som "brutale". Så
slepp vi å tenkja meir på dei. Når det gjeld offiserskorpset: Eg er samd med
at dei store forfølgjingane i offiserskorpset fekk følgjer for krigføringa.
Men på kva måte veit eg ikkje - eg har ikkje lese nokon gode analysar av
dette.

HF: "C) Stalin sendte straffekompanier ut i fronten mot tyskerne. Dette var
"kriminelle" folk som ikke nødvendigvis var gode soldater. De var et lett
bytte for tyskerne. Prøvde de å dra seg tilbake risikerte de å bli drept av
sovjetiske styrker."

HOB: Ja. Det var i det heile lite mannfolk i stridsdyktig alder att etter
andre verdskrig. Ungkarar vart sett på som asosiale, og måtte betala mykje i
skatt! Og Raudehæren brukte mellom anna desimering som metode for å
disiplinera. Sentralmakta i Moskva møtte det tyske åtaket med ein vegg av
kjøt og blod - drive fram av entusiasme, plikt eller tvang. Slik vart det
tyske åtaket slått tilbake.

HF: "D) Mange ble drept fordi Stalin ikke aksepterte at soldatene ovega seg
eller
trakk seg tilbake. De skulle slåss til siste mann.
(Det er mulig at det var militærtaktisk riktig.)"

HOB: I Stalingrad hadde Sjukov hovudkvarteret sitt nokre hundre meter unna
frontlina - avdi han noterte seg at tilbaketrekkinga stogga når
hovudkvarteret ikkje var trygt. Likeeins fann dei ut at det beste var å
søkja bajonettkampar - på avstand var hadde russarane langt større tap enn
tyskarane. Mann mot mann med kniv gav 50/50. Det var i det heile ei blodig
affære.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST