Re: Kjøt, EU (og WTO)

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 6 Aug 1999 15:25:58 GMT

At 13:22 06/08/1999 +0200, Lars Staurset wrote:

>Mange blir sjuke av bakteriar i mat, men
>langt færre i Noreg og Sverige enn i dei fleste EU-landa. Somme blir
>alvorleg sjuke eller døyr, særleg folk som har lita motstandskraft.
>Dette er fakta, enten Garvik likar det eller ikkje. Nederland er ofte
>nemnt som det verste eksemplet i statistikkane, men kanskje Belgia
>seglar opp no.

Eg veit at nei til EU likar hollandske statistikkar (no også belgiske?).
Problemet er at dei ikkje er representative for heile EU-området. Kvifor er
det færre som døyr i EU-landet Sverige forresten? Du får heller koma med
fakta, Staurset, i staden for runde vendingar.

>Utvilsamt er forbrukarane i EU opptekne av dyrehelse og matvarestandard.
>Det er nok klokt av dei. I Noreg er vi opptekne av veret, som vi har så
>altfor mykje av til tider.

Innbyggjarane i EU-landa er opptekne av dyrehelse og matvarestandard av same
grunnar som nordmenn og andre. Alt anna er berre tøv.

>Importert fjørfekjøt frå Nederland og Frankrike, garantert reint, men
>likevel fullt av salmonella, har tidlegare vorte stoppa av svensk
>næringsmiddelkontroll. Denne gongen gjekk det altså utanom kontrollen.
>Ein kan lure på kvar innkjøparane hadde hovudet hen, men endå meir på
>kvar det blir av det kjøtet som ikkje går til Sverige. Noko av det er
>tydelegvis på veg til Noreg.

Når det gjeld innkjøparane i Skandinavia, er dei vel som kremmarbrørne i
andre land... like opptekne av profitt. For det er vel ikkje av andre
grunnar at dei kjøper billegkjøt i utlandet? Elles kunne det vera
interessant å få greie på kor mange prosent dette "salmonellafulle" kjøtet
representerer i høve til den totale kjøtimporten. Og eg veit framleis ikkje
kor mange som blir sjuke, eller døyr av dette...

>Når Noreg har relativt lite av matborne sjukdommar, er det ikkje fordi
>vi er så prektige, men fordi vi har eit desentralisert landbruk med små
>einingar, store avstandar og bra offentleg kontroll, kombinert med lite
>import og målretta kontroll av importvarene. Det hjelper sjølvsagt at
>landet ligg i ein utkant reint geografisk.

Dette er vel i beste fall ei idyllisk framstilling av røyndomen, i verste
fall ei forvrenging. Er det verkeleg små einingar som blir framelska
i norsk landbrukspolitikk? Er offentleg kontroll av matvareindustrien betre
i Noreg enn i Europa? Er det prinsipielle forskjellar på norsk
matvareindustri og den tilsvarande europeiske? Norsk kapitalisme, og
europeisk kapitalisme?

Alle er samde i at matvarekvalitet og folkehelse heng nøye saman, og såleis
har Noreg og Europa (saman med alle andre land) felles interesse av å løyse
desse problema. Dette må utan tvil gjerast på anna vis enn det som blir
gjort i dag.

Poenget mitt var ikkje at Noreg er så prektig (sjølv om det er ein utbreidd
ide i det norske folket). Poenget mitt var at det blir demagogisk å
halda fram marginale døme på matforgifting, for å nytta dette som
representative døme i ei kampanje med heilt andre perspektiv.

>Med veterinæravtalen er det ikkje lenger lov å kontrollere importmaten
>frå EU grundigare enn heimeprodusert mat, trass i at det er gode faglege
>grunnar til å gjere det. Dette er rein politisk overkjøring av dei
>faglege vurderingane, trumfa gjennom av eit EU-vennleg stortingsfleirtal
>med ei "nei-regjering" på slep.

Om dette er eit problem, kan det kanskje innførast strengare kontroll med
heimeprodusert mat? Så kan ein kontrollere importmaten likeins. Alle står
seg sikkert på ei generell nivåheving. Eller ville det vera ei for stor
majestetsfornærming av det heilage, norske landbruket?

>Problema er likevel ikkje så store enno, fordi høge tollsatsar gjer stor
>matimport lite interessant. Dersom den nye WTO-runden tvingar oss til å
>redusere tollsatsane, får vi matsmitten inn for fullt. Då blir det endå
>meir av det Garvik kallar "uklåre, uspesifiserte, kommersielle (sic!)
>kanalar". At WTO også handlar om mykje anna, og at Noreg og EU har
>samanfallande interesser mot USA i somme saker, har Garvik rett i, men
>det gjer ikkje denne saka betre.

Noreg og EU har felles interesser på mange område, og dess snarare Noreg
innser dette, dess betre er det. Noreg har verdfulle ressursar, og kan kosta
på seg å vera litt stive på det. Men kva slag lyd blir det i pipa den dagen
olje og gass er blitt sekundære energikjelder, og den dagen det er slutt på
fisken? Å trøyste seg til høge tollsatsar og proteksjonisme, er som å pisse
i buksa for å halde varmen! Noreg veg ikkje stort aleine, og kven skal
hjelpe til den dagen det blir kaldt? Kvifor ikkje ta opp kampen mot
WTO/Amerika innanfor og saman med EU?

>Det er litt uklårt kva som er det mat-helsepolitiske programmet til
>Garvik, utover at han vil ha bort grensekontrollane. Har han faglege
>grunnar til det som det norske veterinærmiljøet ikkje kjenner til? Eller
>er kontrollmotstanden hans politisk motivert? Bør Noreg vere
>"solidarisk" og ta imot ein del av den dårlege maten, og blir folkehelsa
>i EU betre av det?

Eg pretenderer ikkje å ha noko "mat-helsepolitisk program". Eg er korkje
politikar, eller eit politisk parti. Ikkje ein gong ei "rørsle". Og slett
ikkje veterinær. Eg har rett nok ei personleg haldning til desse spørsmåla,
men det er ein annan debatt. I og for seg ein svært interessant debatt, for
den fører oss nærare kjernespørsmålet når det gjeld matkvalitet: Kva slag
landbruk skal ein satse på i framtida? Vidare utbygging av eit intensivt
industrilandbruk, med relativt store einingar og høg lønnsemd (ein ser ei
slik utvikling også i Noreg)? Eller skal ein velja ein modell basert på
naturlege, biologiske metodar, med desentraliserte, små einingar som
produserer mat til nærområdet: Eit "berekraftig" landbruk?

Eg ser også farane med globaliseringa av matvareproduksjonen, men har inga
tru på at ein i lengda kan stenge seg inne bak høge tollmurar og strenge,
proteksjonistiske kontrolltiltak, eller oppnå positive resultat utan å
leggja om landbrukspolitikken.

Staurset og nei til EU forenklar problemet, fokuserer på utanlandske
matvarer, og gjer matvarekvalitet til eit spørsmål om veterinærkontroll ved
grensa. Når dei klamrar seg til slik hokuspokus, er det ikkje rart at dei
seglar i motvind, eller rettare sagt er hamna i ei bakevje.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr