Re: Kjøt, EU (og WTO)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 06 Aug 1999 13:22:45 +0200

Det plagar visst Oddmund Garvik at nokon har døydd av å ete mat
produsert i hans andre heimland, Frankrike, og det er jo betenkeleg at
han må til ei norsk avis*) for å lese om det. Han trøystar seg med at
det kan ikkje vere så farleg likevel:

> Eg har budd i "utlandet" i 17 år, til og med budd, reist
> og ete i den tredje verda. Eg har aldri vore matforgifta, eller på andre
> måtar sjuk av det eg har ete, og konkluderer såleis nok ein gong med at
> "utlandet" slett ikkje kan vera så farleg som ein vil ha det til!

Det er bra at Garvik har god helse, men det er nokså tynt å argumentere
med seg sjølv som eksempel. Mange blir sjuke av bakteriar i mat, men
langt færre i Noreg og Sverige enn i dei fleste EU-landa. Somme blir
alvorleg sjuke eller døyr, særleg folk som har lita motstandskraft.
Dette er fakta, enten Garvik likar det eller ikkje. Nederland er ofte
nemnt som det verste eksemplet i statistikkane, men kanskje Belgia
seglar opp no.

Utvilsamt er forbrukarane i EU opptekne av dyrehelse og matvarestandard.
Det er nok klokt av dei. I Noreg er vi opptekne av veret, som vi har så
altfor mykje av til tider.

Importert fjørfekjøt frå Nederland og Frankrike, garantert reint, men
likevel fullt av salmonella, har tidlegare vorte stoppa av svensk
næringsmiddelkontroll. Denne gongen gjekk det altså utanom kontrollen.
Ein kan lure på kvar innkjøparane hadde hovudet hen, men endå meir på
kvar det blir av det kjøtet som ikkje går til Sverige. Noko av det er
tydelegvis på veg til Noreg.

Når Noreg har relativt lite av matborne sjukdommar, er det ikkje fordi
vi er så prektige, men fordi vi har eit desentralisert landbruk med små
einingar, store avstandar og bra offentleg kontroll, kombinert med lite
import og målretta kontroll av importvarene. Det hjelper sjølvsagt at
landet ligg i ein utkant reint geografisk.

Med veterinæravtalen er det ikkje lenger lov å kontrollere importmaten
frå EU grundigare enn heimeprodusert mat, trass i at det er gode faglege
grunnar til å gjere det. Dette er rein politisk overkjøring av dei
faglege vurderingane, trumfa gjennom av eit EU-vennleg stortingsfleirtal
med ei "nei-regjering" på slep.

Problema er likevel ikkje så store enno, fordi høge tollsatsar gjer stor
matimport lite interessant. Dersom den nye WTO-runden tvingar oss til å
redusere tollsatsane, får vi matsmitten inn for fullt. Då blir det endå
meir av det Garvik kallar "uklåre, uspesifiserte, kommersielle (sic!)
kanalar". At WTO også handlar om mykje anna, og at Noreg og EU har
samanfallande interesser mot USA i somme saker, har Garvik rett i, men
det gjer ikkje denne saka betre.

Det er litt uklårt kva som er det mat-helsepolitiske programmet til
Garvik, utover at han vil ha bort grensekontrollane. Har han faglege
grunnar til det som det norske veterinærmiljøet ikkje kjenner til? Eller
er kontrollmotstanden hans politisk motivert? Bør Noreg vere
"solidarisk" og ta imot ein del av den dårlege maten, og blir folkehelsa
i EU betre av det?

Lars Staurset

*) http://www.klassekampen.no/cgi-bin/nyheter.pl/1999/06/0065.html