Kjøt, EU (og WTO)

garvik@i-france.com
Thu, 5 Aug 1999 14:38:19 GMT

"To daude etter kalkun-import", skriv Magnus Marsdal i Klassekampen i dag.
Det er alltid ille når nokon døyr. Særs ille er det når ein døyr som fylgje
av kortsiktige, kommersielle interesser. Matvareskandalane dei siste åra har
alle eit slikt opphav. Det einaste er at kremmarånda svevar over
landegrensene. Ein finn difor skadeleg og smitta kjøt i alle land. Til og
med norsk landbruk produserer slike ting, men det må ein helst ikkje snakke
om.

Det er betre å fokusere på marginale tilfelle frå det fælslege Europa. Gjera
som neifolket: Laga ein heil forderva hønsegard, eller kalkunfarm av nokre
få fjører. Slik held dei folk i ande, sjølv om færre og færre trur på dette.

Sjølvsagt skal ein vera "mot" matvareforgifting. Sjølvsagt skal ein vera "for"
forbrukarvern. Sjølvsagt er det ein menneskerett å ha tilgang på
rein, uforgifta, uforpesta, etande mat. (For eit stor fleirtal i verda er
diverre denne retten ikkje gjeldande.)

Men er det berre i Noreg ein er oppteken av slike ting? Ein er sjølvsagt
også oppteken av god dyrehelse, og god matvarestandard i EU-landa. Og gudane
skal vita at kontroll og straffetiltak florerer. Det er ikkje slik at
europearane sluker rått alt som kjem på marknaden. Det finst jamt over ein
like høg standard på matvarer i Europa, som i Noreg, om ikkje
høgare, nettopp fordi konsumentane er medvitne. Og tendensen går i rett lei,
det blir vanskelegare å kommersialisere tvilsame produkt.

At ein no har oppheva embargoen på britisk oksekjøt, vil ikkje seia at
Europa blir overfløymd av engelsk biff, eller at konsumentane kjem til å
kaste seg over dette. Vilkåra for eksport er strenge og kontrolltiltaka
kostbare, slik at dette kjøtet blir mykje dyrare enn "lokalt" kjøt. Heile
greia er nok berre eit slags symbolsk, politisk vedtak for å tekkjast
engelskmennene. Eg var mot opphevinga av embargoen, fordi skandalen i
England var eit særtilfelle, og fordi det er for kort tid sidan. Det må
lengre tid til for å redusere skaderisikoen maksimalt.

Sjølvsagt kan ein setje seg ned som Hege Myklebust i Nei til EU, som hevdar:
"At EU forbyr kontroll på grensa får slike fylgjer som vi ser i Sverige no",
og blandar dette i hop med at "den komande tingingsrunden i Verdas
Handelsorganisasjon (WTO) kan føra til reduserte tollsatsar og såleis auka
import og smittepress". Nokre få tilfelle av forpesta billegkjøt med uklårt
opphav, som blir importert gjennom uklåre, uspesifiserte, kommersielle
kanalar, blir halde fram som representative døme.

Myklebust held fram på unyansert vis med å seia at: " WTO og den utvida
EØS-avtalen er ei helsefarleg blanding". Trur verkeleg nei-folket at
unilaterale, proteksjonistiske tiltak er noka levedyktig løysing i den
verda me lever i (dvs. at "alle feiar for si eiga dør")? Slikt fungerte
kanskje før i tida då landa var meir isolerte og meir homogene. I dag er
landegrensene i Europa berre fiktive. Det er sjølvsagt ikkje heilt
uproblematisk, men har langt fleire fordelar enn ulemper.

Kvifor snakkar ikkje Myklebust om handelskrigen som no pågår mellom EU
og WTO (=USA/Canada). EU held fast på eit ti år gamalt importforbod av
amerikansk hormonkjøt, trass i "dommen" til WTO (der m.a. Coca Cola
hadde eit ord med i laget...). Amerikanarane har såleis innført 100%
straffetoll på tradisjonelle europeiske matvarer (okse- og svinekjøt,
gåselever, trøflar, sniglar, Roquefort, sennep, fruktsafter, smålauk,
sylteagurk, hermetiserte tomatar frå Tyskland, Frankrike og Italia, osb.).
(I sumar har dette m.a. ført til innføring av opp til 500% "straffetoll" av
Coca Cola på franske kafear...)

Ein kan ikkje setja EU og WTO i same bås som Hege Myklebust gjer det.
WTO er ein 100% fanatisk næringsliberalistisk organisasjon, som
representerer den rike, anglosaksiske modellen. I dette systemet blir
menneskelege spørsmål omgjorde til reine kommersielle problem. EU er langt
meir samansett, (sjølv om det ikkje er så stor forskjell mellom Bruxelles og
Washington i høve til landa i sør).

Eg har tidlegare vore inne på den sjåvinistiske karakteren til
EU-motstanden, og forstår at lite har forandra seg i så måte. Det er synd at
så mange framleis går rundt fulle av illusjonar om Noreg og EU, og kastar
bort tid og krefter på å "kjempe mot" trugsmålet frå Europa. Noreg er alt så
godt som medlem av EU, det einaste som manglar, er stemmerett i Bruxelles.
Noreg har stelt seg dårleg i høve til dette, og likevel finst det framleis
folk som trur at det har noko for seg å nytta tida si til å ekse seg opp
over marginale ulykker, og som let som om verda berre er samansett av
svart og kvitt.

Marsdal avsluttar artikkelen sin med å seia at: "80-90 prosent av
salmonellatilfella i Noreg kjem etter smitte under opphald i utlandet."
Likevel reiser nordmennene meir enn nokon gong til dette fælslege
"utlandet". Det skulle ha vore moro å vita litt meir om kor mange som fekk
salmonella i sumar. Eg har budd i "utlandet" i 17 år, til og med budd, reist
og ete i den tredje verda. Eg har aldri vore matforgifta, eller på andre
måtar sjuk av det eg har ete, og konkluderer såleis nok ein gong med at
"utlandet" slett ikkje kan vera så farleg som ein vil ha det til!

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr