Re: Kjøt, EU (og WTO)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 13 Aug 1999 10:07:07 +0200

Oddmund Garvik wrote:
> Eg veit at nei til EU likar hollandske statistikkar (no også belgiske?).
> Problemet er at dei ikkje er representative for heile EU-området. Kvifor er
> det færre som døyr i EU-landet Sverige forresten? Du får heller koma med
> fakta, Staurset, i staden for runde vendingar.

Eg har dessverre ikkje hatt tid til å leite etter fleire
mat/helse-statistikkar frå EU-landa, men har ikkje gjeve opp. Kanskje
Garvik sjølv, med base i Frankrike, kan finne noko?

Sverige har, som Noreg, hatt lite import av dei matvarene som er farlege
i denne samanhengen, og har derfor greidd å halde salmonellaen nede.
Dette til forskjell frå Danmark, som held på å gje opp kampen. Med dei
opne grensene er det tydeleg at smittepresset no aukar i Sverige. Det
kjem det også til å gjere i Noreg dersom tollvernet forsvinn.

> Når det gjeld innkjøparane i Skandinavia, er dei vel som kremmarbrørne i
> andre land... like opptekne av profitt. For det er vel ikkje av andre
> grunnar at dei kjøper billegkjøt i utlandet? Elles kunne det vera
> interessant å få greie på kor mange prosent dette "salmonellafulle" kjøtet
> representerer i høve til den totale kjøtimporten. Og eg veit framleis ikkje
> kor mange som blir sjuke, eller døyr av dette...

Som sagt, statistikkar får vi komme attende til. Salmonellabakterien
spreier seg lettast i fjørfe (til egg og kjøt), så problemet er størst
der.

Dei som kjøper inn mat til ein sjukeheim, som i det tilfellet
diskusjonen starta med, tenkjer kanskje ikkje profitt, men dei vil
rimelegvis ha mest muleg att for pengane. Likevel burde det ringje ei
varselklokke når dei får tilbod om billeg (?) fransk kalkun. Sidan eg
ikkje veit korleis denne handelen gjekk for seg, skal eg ikkje spekulere
meir på det, berre slå fast at innkjøparar og forbrukarar heretter må
halde seg informert om matvarekvaliteten på ein heilt annan måte enn
før. Ein kan ikkje lenger lite på at det offentlege gjer jobben.

> Er det verkeleg små einingar som blir framelska
> i norsk landbrukspolitikk?

Nei, men tradisjonelt har det vore små einingar, som gjer det lettare å
avgrense eit sjukdomsutbrot (isolasjon, karantene, nedslakting).

> Er offentleg kontroll av matvareindustrien betre
> i Noreg enn i Europa?

Kontrollen gjeld ikkje berre det ferdige produktet, men heile
produksjonskjeda ("frå jord til bord"). Eg har ikkje detaljkunnskapar om
kontrollsystema i EU, men vi ser jo av resultatet at dei norske systema
har fungert betre *for Noreg*. Dette atterhaldet er viktig. EU innfører
"kvalitetssystem" som skal vere like frå Sicilia til Finnmark, utan
omsyn til forskjellar i geografi, klima og faktisk smittesituasjon.
Samstundes tvingar dei fram frihandel med biologiske produkt, og spreier
dermed den smitten som i utgangspunktet er ulikt fordelt. Norske
slakteri har fått vinduskarmar av plast og aluminium i staden for tre,
men matkvaliteten i butikkane blir dårlegare. Frihandelsdogmatiske
politikarar synest visst dette er akkurat som det skal vere.

> Om dette er eit problem, kan det kanskje innførast strengare kontroll med
> heimeprodusert mat? Så kan ein kontrollere importmaten likeins. Alle står
> seg sikkert på ei generell nivåheving. Eller ville det vera ei for stor
> majestetsfornærming av det heilage, norske landbruket?

Det fornuftige er å ha eit kontrollsystem som er tilpassa dei problema
som finst, og som fagfolka har godt oversyn over. No er det ikkje lov å
kontrollere ved import, dei må ta stikkprøver i butikkane, og dei må ta
like mange prøver av norskprodusert som av importert mat. Noko anna
ville vere "diskriminerande" og "handelshindrande", to av dei styggaste
orda som finst i EU-språket.

Det nye kontrollsystemet er ikkje målretta, og dermed lite effektivt, og
det blir sjølvsagt svært dyrt dersom ein skal kontrollere store delar av
maten. Det er heller ikkje muleg å fange opp alt på den måten, sidan
kontrollørane så å seie går saman med kundane og plukkar opp varer som
kan vere smitta. Når testresultata kjem, kan maten alt vere fortært og
bakteriane spreidde over heile kjøkkenet.

> Noreg og EU har felles interesser på mange område, og dess snarare Noreg
> innser dette, dess betre er det. Noreg har verdfulle ressursar, og kan kosta
> på seg å vera litt stive på det. Men kva slag lyd blir det i pipa den dagen
> olje og gass er blitt sekundære energikjelder, og den dagen det er slutt på
> fisken? Å trøyste seg til høge tollsatsar og proteksjonisme, er som å pisse
> i buksa for å halde varmen! Noreg veg ikkje stort aleine, og kven skal
> hjelpe til den dagen det blir kaldt? Kvifor ikkje ta opp kampen mot
> WTO/Amerika innanfor og saman med EU?
>
> (...) kjernespørsmålet når det gjeld matkvalitet: Kva slag
> landbruk skal ein satse på i framtida? Vidare utbygging av eit intensivt
> industrilandbruk, med relativt store einingar og høg lønnsemd (ein ser ei
> slik utvikling også i Noreg)? Eller skal ein velja ein modell basert på
> naturlege, biologiske metodar, med desentraliserte, små einingar som
> produserer mat til nærområdet: Eit "berekraftig" landbruk?
>
> Eg ser også farane med globaliseringa av matvareproduksjonen, men har inga
> tru på at ein i lengda kan stenge seg inne bak høge tollmurar og strenge,
> proteksjonistiske kontrolltiltak, eller oppnå positive resultat utan å
> leggja om landbrukspolitikken.

Her er Garvik innom mange saker som kvar for seg kan bli til lange
diskusjonar. Eg vil berre slå fast at Noreg godt kan samarbeide med EU
utan å vere medlem, og utan at grensene treng å vere opne for alle slags
produkt.

Meir interessant er det kanskje å diskutere *kven* som skal samarbeide.
Dei styrande i Noreg og EU ser ut til å samarbeide godt nok om dei måla
dei har sett seg, og helst utan plagsam innblanding frå dei styrde. Vi
som er mot EU/WTO og som ønskjer ei anna samfunnsutvikling, har derimot
for liten kontakt over grensene. Kanskje Garvik kan formidle kontaktar?

Lars Staurset