Re: KKs dekning av krigen (var USA mot repatriering)

Olav Randen (boksmia@online.no)
Wed, 5 May 1999 10:19:05 +0200

Berre ein kjapp kommentar til Ekeland. Han skriv om Tove Nilsen, som ikkje
ønskjer stans i bombinga:
Jeg
>venter å finne henne på midsidene på (en) lørdag, med oppslag om intervjuet
>på første side. Det vil sannsynligvis øke løssalget på (den) lørdag(en).

Altså ikkje berre Johan Galtung og Noam Chomsky, men også Tove Nilsen. Med
Galtung og Chomsky er det slik at dei formidlar innsikt og argument. Dei
gjer lesarar klokare. Dersom Tove Nilsen også har innsikt i Balkanspørsmål,
så gjerne. Men ikkje fordi dama er forfattar. Det at ein kjendis er for
fortsatt bombing, er like uvesentleg som at andre kjendisar, Jostein Gaarder
eller Ole Paus eller Kjell Askildsen viss eg minnest rett, er imot. Det er
eit berre eit signal til usjølvstendige lesarar om at standpunktet er
stovereint (Når Gaarder eller Nilsen kan meine det, så kan også eg).

Om ein treng intervjuobjekt: Svein Mønnesland veit ein heil del. At eg er
usamd med han i dette spørsmålet og truleg blir verande det, står sjølvsagt
ikkje i vegen for at eg kan lære av hans innsikt og argument. Jardar Seim
har skrive ei kunnskapsrik bok om Aust-Europa. Det finst eit
norsk-jugoslavisk venskapssamband i Noreg. Kva meiner dei? Men viktigare enn
slike er det at i vårt land finst mange både serbarar og kosovo-albanarar.
Eg vil mykje heller lese intervju med dei enn med kjendisar som seier og
viser at eigentleg veit dei ikkje det spøtt meir enn andre folk, men dei
reagerer spontant for eller imot bomber.

Eller, om ein skal gå konkret til verks, kvifor ikkje gå inn på det
spørsmålet NATO ryggar attende for: Har NATOs bakkestyrkar nokon sjanse mot
serbarar med geriljatradisjonar (sjølve og i tradisjon) og kampvilje?
Personleg trur eg at NATO vil unngå bakkestyrkar i det lengste fordi dei
innser at NATOs uerfarne, lite motiverte og dårleg trena soldatar kjem til
kort i eit landskap dei ikkje kjenner og blant folk som ser på dei som
fiendar. Og eit nederlag på bakken ville setje NATO dramatisk attende (som
USA i Vietnam) i global prestisje. Difor er bakkestyrkane eit trugsmål og
eit propagandatriks meir enn ein mogeleg realitet. Trur eg. Men dette veit
yrkesmilitære ein heil del om. Det går å spørje dei. Og få viktigare
kommentarar enn frå folk som Tove Nilsen.

Olav Randen