Re: SV: USA mot repatriering

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 5 May 1999 08:10:56 GMT

Eg har freista å få dette innlegget i går kveld, men SMTP-servaren må ha
vore ute av drift att...

Magnus Marsdal:

>Når det gjeld "tryggleik" for flyktningane trur eg jammen det er Garvik og
>Nato som bør gå stille i dørene.

Kva skal dette vera til? Er det redaksjonssekretæren i Klassekampen som på
fullt alvor skriv slikt tøv, eller prøver Marsdal på eige initiativ å vera
morosam?

>Eg ser ikkje lenger heilt vitsen i å diskutera vidare på premissa "Dei som
>krev stopp i bombinga bryr seg ikkje om kosovoalbanarane".

Kven er det som har sagt dette? Når skjemaet, eller kartet ikkje passar med
terrenget er det betre å teie enn å seia kva som helst. Tenk deg om, sjå deg
i kring, les!

Eg har dagleg god tilgang på svært brei og djuptgåande informasjon om det
som skjer på Balkan, (og andre stader for den saks skuld). Mellom anna difor
har eg dei standpunkta eg har hevda sidan krigen byrja. Eg har elles
forstått kor priviligert eg er som kan ause av desse kjeldene, på fleire
språk. Eg les kvar veke aviser på fransk, italiensk, spansk, tysk, engelsk,
og har eit par vener som kan hjelpe meg med gresk, polsk og serbokroatisk.

Eg bur i eit land som ikkje er "proamerikansk", som tradisjonelt er
skeptisk/kritisk til den amerikanske kulturen. Pressa er avgjort "friare"
her enn i Noreg. Tankane og ideane er mindre uniforme. Debatten er meir
nyansert.

Kvifor deltar eg i debatten på KK-forum? Eg har mykje å henge fingrane i. Eg
er ikkje særleg inne på det som har gått føre seg i Noreg dei siste femten
åra. Eg snakkar heller sjeldan norsk. Dette forumet blir på ein måte den vesle
lenken eg har til Noreg og til fortida (utanom familie og vener der oppe).

Difor tykkjer eg det blir trasig når det endar opp med slikt skvalder som
Marsdal (og nokre andre) kjem med i ny og ne. Sjølvsagt kan eg oversjå det,
for det fortel meir om dei enn om meg. Sjølvsagt kan eg skrive det på
kontoen til ungdommeleg kjekkasseri. Me kva fanken er det dei innbiller seg,
eg har gjort meir for den avisa dei arbeider i enn dei trur, og eg har gjort
det gratis som tusenvis av andre. Eg har gitt store summar opp gjennom åra,
enda eg var fattig og måtte forsake andre ting. Difor tykkjer eg det er på
sin plass med litt mindre hovmot og litt meir respekt.

For ei tid sidan blei eg beden om å skriva eit innlegg til avisa. Det
opphavlege innlegget "Haldningar til krigen" (KK-forum 14/4), var "for
langt". Det blei sidan mykje dikkedarar, men til slutt såg det ut til å
ordne seg. Eg sende ein avkorta versjon av innlegget for litt over ei veke
sidan, men veit ikkje om det kom fram, eller om det er blitt trykt. Eg fekk
inga tilbakemelding. No ser i ei melding frå Trond Andresen at innlegget er
blitt trykt...

Eg er vel elles ikkje den einaste som kunne ha skrive eit innlegg i strid
med partilinja til AKP, den redaksjonelle linja til Klassekampen og synet
til "antikrigsrørsla". Trond Andresen har også blitt "beden", men det verkar
diverre ikkje som om det er særleg interesse for å få slike tankar på trykk.
Det er greitt nok, men då må ein seia det. Eg veit at redaksjonen har mykje
å gjera. Eg veit at avisa ikkje er rik. Men det er ikkje dette det handlar
om - me masar ikkje i tide og utide, me ber heller ikkje om betaling. Det er
ein luksus avisa skulle setja litt større pris på.


Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone