SV: USA mot repatriering

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 4 May 1999 21:37:48 +-200

Spørsmålet er: Er det slik av vi "har valet mellom" straumbrot og sivile drepte i Serbia ELLER massakrar i Kosovo, og at Klassekampen har valt det siste?

Eg sendte tidlegare i dag eit innlegg som freista antyda at dette IKKJE ser ut til å vera tilfelle, snarare tvert imot, men det ser ikkje ut til å ha gjort større inntrykk på Trond A enn det ville gjort på Bill Clinton.

Nei vel.

Som sagt tykkjer eg ikkje det er vits i å diskutera mer med premisset "KK gjev faen i kosovoalbanarane", det er berre FOR fullt av moralsk patos og FOR tomt for sakleg tilnærming.

At Trond hevdar at vi ikkje har intervjua ein einaste radikalar som er for bombing er litt underleg, eg hugsar godt intervjua med Inge Myrvoll som ville ha bakkestyrker. Det har unekteleg vore eit problem at SV-stortingsgruppa ikkje VIL kommentera saka i Klassekampen, men eg vil vel ikkje akseptera at KK blir gjeve skulda for dette. Veldig mange andre radikalarar for bombing har eg ikkje møtt, dei eg veit om er behørig oppmoda om å skriva innlegg til avisa, via KK-forum. Mogleg at det ikkje er "godt nok", men, men.

Den albanske teksten tykkjer ikkje var så jævlig bra, og at Andresen her ein dag presenterte det nærast som eit vilkår for at han sjølv vil skriva at KK fyrst prentar denne albanaren, er jo litt snålt. Mogleg at dei som styrer desken her vil setja på albanaren, men sjølv har eg ikkje tenkt å pressa på for det. Vi kan jo ikkje avgjera kva lesarane skal få utifrå "ultimatum" frå KK-forum, heller.

Til slutt, om det skal vera store ord og "skammen" og denslags: Etter mi meining ligg skammen på dei presumptivt venstreorienterte som går rett på Nato-limpinnen og går god for at DENNE EINE GONGEN gjer Nato noko godt og humant, TIL OG MED NÅR ALLE SER AT RESULTATET HAR VORTE KATASTROFALT FOR KOSOVO OG HEILE BALKAN. *Den* skammen, som tilfell folk som Erik Solheim, er den eg trur vil bli hugsa for framtida.

Det er også eit poeng for meg å nevna at Trond As utskjelling av det han kallar "Pål, Magnus og Klassekampen" gjeld langt fleire enn desse. Trond A hevdar at til dømes Johan Galtung er nyttig idiot for Milosevic og ikkje "tar inn over seg" kva som skjer i Kosovo. Ikkje det at Galtung alltid må ha rett, men eg ville berre nemna at det ikkje er "Milosevic, Pål, Magnus og KK" mot "Andresen, Garvik, Nato og heile den siviliserte verda" her.

Mingus