Re: KKs dekning av krigen (var USA mot repatriering)

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 5 May 1999 10:27:01 GMT

Anders Ekeland skriv forskjellig som eg er samd i, berre eit par kommentarar:

>- KK har ikke brakt nok (som vanlig) nyheter fra den internasjonale
>venstresida: Hva mener PDS, Rifundazione, Vänsterpartiet, Enhetslisten,
>Tony Benn, Le Verts, Solidarity-USA, Jesse Jackson. Hve er deres
>stillingtagen og begrunnelse?

Eg kjenner ikkje standpunkta til alle desse, men eg veit at både Voynet,
Mamère, Cohn-Bendit og fleirtalet av Les Verts er "bombetilhengjarar" av
same grunnar som eg. Uttrykket er heilt tøvete, men det er no greitt nok. Eg
har elles inga tilknytning til dette partiet.

Dei einaste partia i Frankrike som klårt er mot bombinga, er PCF (det finst
nokre "bombetilhengjarar", men l'Humanité minner mykje om Klassekampen i
desse dagar...), MDC til den aktuelle innanriksministeren, Jean-Pierre
Chevènement, elles dei to Front Nazional (det finst to no, etter splittinga
mellom fløyen til Jean-Marie Le Pen og Bruno Megret, noko som forresten har
ført til ei halvering i den totale oppslutninga), rørsla til Charles Pasqua
(tidlegare RPR-innanriksminister) som representerer den tradisjonelt
autoritære fløyen av borgarskapet i grenselandet mot dei opent fascistiske
partia, og partiet til Philippe de Villiers, som likeins er i dette
grenselandet.

Det interessante er at alle desse også utgjer det me her kallar dei
"isolasjonistiske" kreftene, dvs. dei som stiller "den nasjonale
sjølvråderetten" opp som eit absolutt dogme, som er mot den føderale linja,
for eit "Europa av nasjonar". Dei er alle
"anti-Maastricht/Schengen/Amsterdam/anti-EU". Pasqua og de Villiers stiller
forresten felles liste ved det komande Europa-valet.

>- Når det gjelder forfølgelsene i Kosova er mitt inntrykk at det serbiske
>maktapparatet bare vil tømme Kosovo, ikke noe masseutryddelse a la Hitler.
>Det som skjer ligner mye mer på da tsjekkerne fordrev tyskerne etter andre
>verdenskrig (Dødsmarsjen fra Brno (tysk Brünn) mm.) Jævlig, en skamplett i
>den tsjekkiske historien, de fordrev tysktalende tsjekkiske kommunister,
>trotskister - alle som snakket tysk. Jævlig - men hensikten var ikke å
>utrydde et raser, folkeslag, "bare" rense et område. Garviks "etniske
>renser" sin historie bare bekreftet det inntrykket.

Eg trur du tar feil, og historia frå The Guardian fortel vel meir om
anarkiet i brotsverket. Dette anarkiet, denne konversjonen av brotsverket i
marknadsfest der kven som helst kan delta, utgjer eit nytt stadium i
ondskapen. Offisialiseringa av bandane til Arkan, Seselj, av dei
paramilitære til Ratko Mladic, av alle slags massemordarar som i dag kastar
seg over det kosovoalbanske folket, viser at Jugoslavia frå å vera eit
"vanleg" diktatur har nådd eit anna nivå, som ein kanskje kunne kalle
"diktatur pluss".

Dette er ikkje forbausande. Sidan fascisten Vojislav Seselj, som høgt og
tydeleg proklamerte at han ville "massakrere alle kroatar, ikkje med knivar,
men med rusta skjeier", er gått inn i den jugoslaviske regjeringa; likeins
sidan Vuk Draskovic (som også kom med trugsmål og mellom anna sa at han
ville "kappe handa av alle albanarar som gjorde V-teikn"), såkalla
"opponent" til Slobodan Milosevic, har stilt seg til teneste for denne,
forstår ein at brotsverket har teke overhand. Me vil nok oppdage både det
eine og det andre med tida...

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone