Re: USA mot repatriering

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 4 May 1999 17:37:23 +0200 (CEST)

Trond har sjølvsagt rett i at ingen har påstått at USA har reint mjøl i
posen. Jamvel syns eg det er interessant å lesa om denne dobbeltmoralen
midt under den pågåande krigen. Det tydeleggjer USA sine interesser.

Sjølvsagt er det BRA om Kosovoalbanarane får venda heim, uansett om det
skjer ved hjelp av NATO-bomber eller ikkje. Poenget mitt, og truleg til
dei andre i antikrigsnettverket er at dei negative følgene av bombinga,
både dei vi ser no, og konsekvensane for framtida langt oppveiar dei
(moglege) positive effektane ho kan koma til å ha. Om Kosovoalbanarane får
venda heim båre på USA sine bajonettar, fungerer det til å legitimera "the
new world order", som ikkje er anna enn ei forlenging av den
impoerialistiske poltiikken USA har ført i verda heile dette århundret,
frå Chile til Vietnam til Kampuchea til Panama osb. Det tynne sløret av
"internasjonal folkerett" vert erstatta av ein reindyrka "law of the
jungle" der USA som sterkaste stat kan tilleta seg kva som helst.

Og dette er UCK, den norske regjeringa og bombetilhengarane med på,
tragisk nok.

Kven er det forresten som slår inn opne dører? Trond, Oddmund Garvik m.fl.
har fleire gonger slått fast kor grusomt den serbiske staten fer fram mot
kosovoalbanarane. Når har folk frå antikrigsnettverket sagt seg usamd med
dette, eller ikkje fordømt Milosevic sin politikk? Kva har Garvik kome med
som vi ikkje har høyrt på radioen, lest i VG, Dagbladet eller sett på
NRK/TV2/TVNorge samanhengande i mange veker? For meg vert det bakvendt å
kritisera nokre av dei (relativt) få kritiske røstene for å retta fokus
mot den imperialistiske karakteren til krigen. Ser de ikkje at dette
aspektet ellers ville ha vore heilt borte frå offentleg ordskifte? Kva
ville vi då stått att med?

Styrk antikrigsarbeidet!

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel