SV: USA mot repatriering

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 4 May 1999 17:58:45 +-200

Når det gjeld "tryggleik" for flyktningane trur eg jammen det er Garvik og Nato som bør gå stille i dørene. Etter at OSSE trakk seg ut, journalistane vart kasta ut, og ei folk i krig samla seg bak Milosevic, har situasjonen i Kosovo vorte verre enn (truleg) nokon gong i historia.

Ikkje uventa eigentleg, eller med Natos eigne ord: "Entirely predictable".

Eg ser ikkje lenger heilt vitsen i å diskutera vidare på premissa "Dei som krev stopp i bombinga bryr seg ikkje om kosovoalbanarane". Det HADDE vore ein diskusjon om det fanst noko som helst grunn til å hevda at bombinga hjelp kosovoalbanarane (slik som Hellesnes skriv; vi må vegja det eine mot det andre, etc), men det ER jo ingen diskusjon.

Mignus