"Ytringsfrihet" (var Re: Dei siste dagars skinheilage)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 16-06-01


Sam 16 juin 2001 02:34:14 +0200 (MEST)
Yann Grundt <yann@ii.uib.no> a écrit:

> I Frankrike har man veldig restriktive lover. F eks er det forbudt å
> hevde at det er propaganda at millioner av døde i Auschwitz. Man har
> ikke lov til offentlig å kreve en forklaring på hvordan det er fysisk
> mulig å drepe 1000 mennesker om dagen og at likene forsvinner. Loven
> har sitt navn etter kommunisten Gayssot.
>
> Loven er en hån mot franske borgeres intellekt. Ytringsfriheten gjelder
> ikke i Frankrike. Dessverre. Det amerikanske samfunnet har gode sider.

Det er som å høyre på Le Pen, eller ein av dei andre fascistane (bortsett
frå vrøvlet om USA). Kva er det som er så spesielt med "la loi Gayssot"
(som forbyr rasistiske og revisjonistiske fråsegner fordi desse ikkje blir
sett på som idéar, men som brotsverk)? Det finst slike lover i seks
europeiske land (Austerrike, Belgia, Frankrike, Tyskland, Spania og
Sveits), i tillegg til i Israel (der det rett nok ikkje alltid blir
handheva...).
 
> Brigitte Bardot har heller ikke lov til å arbeide mot muslimers
> rituelle slakt. Når hun gjør det, går foreninger til rettsak mot henne.

Sympatiserer du med Bardot, eller snakkar du berre mot betre vitande?
"Dyrevernet" til Brigitte Bardot tilhøyrer den høgreekstreme rørsla, og
den tidlegare stjerna har blitt dømt for rasistiske utsegner fleire
gonger. I fjor sumar blei ho nok ein gong dømt til å betale ei bot på
45.000 franc for "provocation à la haine raciale" i samband med boka "Le
carré de Pluton" som ho gav ut i 1999. I denne boka gjentar ho ein
artikkel som ho skreiv i Le Figaro i april 1996 under tittelen: "Lettre
ouverte à ma France perdue", der ho går laus på muslimane si offerslakting
i samband med den religiøse festen Aïd el Kebir. Artikkelen er openlyst
rasistisk, og ho spør seg sjølv til slutt om ho blir nøydd til å "flykte
frå landet".

At Bardot blei dømt, har ikkje vore noko problem for nokon, bortsett frå
det høgreekstreme miljøet, og miljøet rundt den tilhøyrande historiske
revisjonismen.
                     
> Som sagt, ytringsfriheten er opphevet i Frankrike. Med mindre man
> hevder det politisk korrekte.

Ytringsfridomen har ganske gode vilkår her i landet, og skulle han vera i
fare er det definitivt ikkje på grunn av at ein liten klikk fascistar og
halvfascistar ikkje lenger fritt får drive med "sitt".

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST