Re: Dei siste dagars skinheilage

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 13-06-01


Som alle veit, skyr eg stildebattar, men dette hadde ingenting med stil å
gjera. Eg uttala meg ikkje om Bjørkedal som person - eg kjenner han
ikkje. Det var innhaldet i ei av meldingane hans eg gjekk laus på.

Tidlegare i dag freista han seg med "ironi":

> .... Det er vel rein og skjær fascisme om eg protesterer?

Det er ikkje det som er poenget. Poenget er at når ein spreier
fascistpropaganda, er ein ikkje er eit hakk betre enn dei ein let som ein
kritiserer. Vil ein protestere mot undertrykkjing og imperialisme må ein
i det minste unngå å målbere anna undertrykkjing og fåmannsvelde.
Det er ikkje fyrste gongen Bjørkedal spreier slikt, så ein må tru det er
medvite. Det er eit snev av "radikalar" i Aukrustverd over dette. Men
han/dei kan sjølvsagt halda fram trass i protestar, og trass i at
meldingane går rett i bingen hjå fleire av deltakarane her. Han/dei sit på
skraphaugen, og er berre ein liten klikk. Lat dei berre drive på, kan ein
tenkje.

Hadde det vore slik at denne lista var ei intern liste, hadde eg tenkt
slik sjølv, men KK-forum er tilgjengeleg på verdsveven. Sjølvsagt kan ein
filtrere meldingane i bingen, ut i det blå, men på veven ligg alt
tilgjengeleg. Eg for min del har ikkje trong til å ha namnet mitt
ved sida av søppelet til Bjørkedal og dei andre etterplaprarane.

Ein kan sjølvsagt banalisere det. Ein kan sjølvsagt vise til "takhøgd" og
"toleranse". Dette er den angloamerikanske varianten av "ytringsfridomen".
Alt er "free speech", sjølv den svartaste propaganda. Vrøvlet frå
"Emperor's Clothes" er korkje "nyttig lesestoff", eller noko det er
interessant "å bli konfrontert av heller enn å være ignorant om".
Det finst store mengder og diverre meir og meir av slikt og liknande på
internett. Det gjeld heller om å finna måtar å unngå det på. Skal ein få
servert svart propaganda i eposten når ein er medlem av eit
venstreradikalt diskusjonsforum, er det betre å kople frå, seie opp
abonnementet, og gjera heilt andre ting.

Eg er ikkje mot debatt, heller ikkje mot debatt om det som skjer på
Balkan, men eg nektar her som andre stader å bli pådytta
fascistpropaganda. Om Bjørkedal "er å foretrekke for mang en tresk
sleiping og dobbeltkommunikator i det store medielandskapet" er ei
uinteressant problemstilling. For meg er det han vidaresender og seier han
står for berre eit anna aspekt av det uakseptable.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST