Re: glem dem

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 14-06-01


Mer 13 juin 2001 22:50:06 +0200
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:

> Jeg heller mer og mer til den oppfatningen at det beste middelet mot
> Bush II osv. er ikke engang å vise dem den ære å demonstrere mot dem.
> Glem dem.

Eg veit ikkje om dei ser på det som ei ære å bli møtt av demonstrantar.
Etter Seattle er det blitt ein del av toppmøta, noko dei må ta omsyn til.
Sjølvsagt kan dei byggje murar rundt møtelokala, eller møtast på stader
der demonstrasjonar i praksis er umoglege (jf Qatar). Men det går ikkje an
å stoppe no. Ein må halda fram med å demonstrere same kor dei
viser seg. Dette er ein del av "terroren" som får dei til å bli
vaklevorne. Ein blir ikkje alibi for noko som helst berre ein held seg til
ikkjevaldsprinsippet (i Vesten). Andre stader har undertrykkjinga nådd eit
nivå som gjer at valdeleg motstand kan vera på sin plass. Same kor ein er,
må ein aldri la dei få fred. Lat dei høyra slagord og larm sjølv når dei
legg seg på puta for å kvile ut etter "strabasane"...

> Følg den irske befolkningens eksempel og gi blaffen i alle
> teaterforestillingene deres. Slå av TV så fort de viser seg. Tiden
> er knapp. Det er viktigere å tenke på det som må til for å bygge et
> samfunn som holder mot rikmennenes parasittvirksomhet når de katastrofer
> de framkaller begynner å slå til for alvor.
>
> Husk adbusters og Buy Nothing Day. Vi må ha et
> kjøp-ikke-VG-og-dablabla-år. Slå-av-TV-måneden.
> Glem-å-kjøpe-julegaver-tiåret. Osv.

Dette har du sjølvsagt rett i, men problemet er at fordervinga og
ansvarsløysa stikk djupt. Det skulle vera lett å få til, men når ein ser
at sjølv venstreradikale menneske let seg freiste av det søte agnet som
makta dreg etter seg, fell ein i tankar. Hypnosen og hjernevasken er meir
subtil enn han har vore nokon gong.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST