Re: Empiri fra blant annet USA... - skivebom!

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 08-06-01


Ven 8 juin 2001 00:00:10 +0200
"Stein Erik Jonasson" <ejonasso@online.no> a écrit:

> Først og fremst; det er ingen grunn for Oddmund til å henge seg på
> Dagbla's mobbing av valgforsker Frank Aarebrot ved å skrive "valforskar"
> i hermetegn. Aarebrot er en internasjonal anerkjent valgforsker (og
> dessuten en engasjerende, fargerik og dyktig foreleser) om enn i en
> annen betydning en Henry Valen & Co. Mens Valen & Co. er ekspert på
> velgere heller enn valg, er Aarebrots spesialitet heller valgsystemer.
> Tross faglige ulikheter, for min del må begge kalles valgekspert.

Eg heng meg ikkje på aviser av noko slag, minst av alt boulevardavisene.
Det hender eg sveipar innom og skumles litt ein og annan sjeldan gong.
Eg kjenner ikkje til kampanjer som den eine eller andre avisa driv mot
den og den. Det kan hende Aarebrot er ein gjevande kar. Det kan også hende
han er ein dyktig vitskapsmann. Det kan til og med hende han er i avisene
mot sin vilje, sjølv om dette verkar lite truleg for ein mann med eit
slikt yrke.

Problemet, om det finst noko problem i dette, er at eg er ikkje alltid så
oppdatert på kva den eine og andre meiner. Og eg har eit heller
overflatisk inntrykk av Noreg etter alle desse åra. Skivebom er ikkje eit
så høgtideleg problem. Det kan til og med vera på sin plass i visse
situasjonar.

Midt oppi dette legg eg merke til visse tendensar, ei utvikling. Det feiar
utan tvil ei høgrebølgje over landet der nord, og når høgresida styrkar
seg, får ein servert kva som helst utan motførestellingar. Propagandaen er
enorm, ofte grotesk, og stemmene som ikkje skrik i lag med resten av
stamma er heller få, enda kor skrikande gale det er. Eg innbiller meg
ikkje at "analysane" mine er så framifrå, men dei kjem frå ein annan stad,
og må lesast deretter.

Det kan hende Arrebrot er ein internasjonalt anerkjent valforskar, enda eg
ikkje har høyrt om han før. Han er sikkert ein engasjerande forelesar, men
kva forandrar det? Sjølv studerte eg i si tid under professor Fredrik
Barth, som også var ein svært fargerik og engasjerande forelesar, men eg
var ikkje samd i alt han la ut om, og lika heller ikkje måten
sosialantropologien fungerte på. Eg likar ikkje den vestlege
paternalismen, særleg når han kler seg i "humanistisk" venstrefrakk.

Folk er fulle av motsetningar. Eg ser Aarebrot uttalar seg vitug om visse
fenomen, men han snakkar i mange retningar. Det kan sjølvsagt hende at dei
venstrevridde journalistane vrir det til. At dei framstiller han på ein
måte som ikkje passar med originalen.

Eigentleg sikta eg til dette referatet eg såg i forigår,
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/d214387.htm men eg fann det ikkje
i farten då eg midt i åkeren fekk det for meg å skrive dette innlegget du
svarar på. Sjølvsagt kan det hende at alt er forvrenging. Sjølvsagt kan
det hende Aarebrot er blitt eit offer for journalistar. Men eg er
mistenksam av meg. Eg trur ikkje det finst røyk utan flammar, eller bål.
Og dette bålet har eg nok av.

> Beklager Oddmund; denne gang ble du offer for VGs "journalistikk". Frank
> Aarebrot fikk med urett smake din skarpe penn!

Nei, mon frère, eg er ikkje offer for noko som helst, ikkje anna enn mi
eiga vitløyse. Eg har aldri i livet kjøpt eit einaste nummer av VG, dei
siste tjue åra heller ikkje av Dagbladet. Eg har hovudet heilt andre
stader. Pennen er ikkje så skarp at det gjer noko, og skulle han vera det
innimellom, er det mest fordi det er på sin plass å setje ting på spissen.
 
> PS! På samme konferanse var også medieforsker (uten hermetegn!) Sigurd
> Allern som ifølge BT mente at det "slett ikke var et problem at
> flertallet av journalister tilhører venstresiden, han var langt mer
> bekymret for dem som eier avisene, og at populistiske vinklinger i
> stadig flere medier er lett å utnytte for politikere - for å slippe
> til." Av ukjente grunner var dette ikke med i KKs reportasje fra samme
> konferanse ...

Allern talar frå sin talarstol som ikkje er i gata, åkeren, eller
blant folk. Allern er ein av desse som framleis svevar over springbrettet.
Eg har inga tru på at fleirtalet av journalistane tilhøyrer venstresida.
Skulle det vera slik, er dei kollaboratørar og ikkje noko anna. Kvifor
skal ein "uroe" seg for aviseigarane? For borgarpressa som agerer som det
passar situasjonen til eikvar tid? Det er mest som ei naturlov, og slikt
kommenterer ein ikkje. Om ein kjenner det på seg at ein må gjera det, må
det i det minste gjerast på flerrande vis - på ein heilt annan satirisk
måte enn det Sigurd Allern presterer.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST