Re: Empiri fra blant annet USA... - eh bien !

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 08-06-01


Ein (mest ferdig) kladd fór av garde i vanvare i dag tidleg. Eg hadde
ikkje gjort det klårt nok kvifor eg sette hermeteikn rundt
forskartittelen. Det er kanskje urettferdig, men eg tykkjer det
passar for ei viss type mediatisert (kanskje forvrengt og vulgarisert)
"forsking". Eg ser ikkje på forskarrollen som noko urokkeleg og heilag.
Når ein nyttar det som er att av truverde i denne rolla til å målbere kva
som helst, er det på sin plass å setje hermeteikn. Eg ser elles ikkje på
meiningsmåling blant journalistar som forsking.

For nokre veker sidan hadde avisa Dag og Tid eit stort oppslag om ein
NUPI-rapport lagt fram av nokre "forskarar", der dei kjem med påstandar
som heilt tydeleg er i strid med røyndomen. Slik "forsking" er agenda, og
ein kan trygt setje hermeteikn rundt det.

Ein ser tilsvarande fenomen i deler av naturvitskapen: deler av
klimaforskinga og ein del biologisk forsking.

Økonomi og samfunnsfag er ikkje eksakte vitskapar. Difor er det best å
leggje vekk forskartittelen når ein på død og liv vil stå fram i pressa
med resultata sine. Det går ikkje ein dag, og ein kan mest ikkje opne ei
avis lenger utan at ein støyter på alle slags "forskarar" som skal prove
det eine og andre.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST