Re: oldtidsbarbari som statsform

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sun Oct 08 2000 - 23:10:01 MET DST

  • Next message: Oddmund Garvik: "Reporters sans Fronti=E8res"

    Den eine saka blir avløyst av den andre. Denne gongen av ei sak det
    neppe er stor dissens om på KK-forum...

    Her i Frankrike var det i går store demonstrasjonar i Paris, Marseille
    og Lyon mot den israelske terroren. Deler av den "moderate" venstresida
    ligg derimot i vasskorpa. PS har t.d. tradisjonelt hatt sterke band til
    det jødiske miljøet og jødiske organisasjonar. Alle hugsar Jospin sin
    tur til Midtausten, og dei
    skandaløse fråsegnene han kom med. Den tamme haldninga blir i tillegg
    forsterka av det komande presidentvalet om to år.

    Dei jødiske organisasjonane ("jødelobbyen") er sterke i Frankrike.
    Presse og media er dels styrt av desse gruppene. Den intellektuelle
    venstresida er også prega av eit sterkt jødisk innslag. I dei fleste
    spørsmål er etnisk/religiøs bakgrunn sjølvsagt heilt underordna. Men i
    spørsmålet om Israel bryt alt det irrasjonelle eit menneske kan bera på,
    gjennom, og haldningane blir totalt sjølvmotseiande. Brått teier dei,
    desse som elles står i fremste linje for å forsvare fridom og
    menneskeverd - Bernard-Henri Lévy, André Glucksmann og dei andre. Det er
    synd, for det blir vanskeleg, for ikkje å seia umogleg å ta dei
    alvorleg.

    For nokre dagar sidan blei den same analysen som kjem fram i artikkelen
    til Tanya Reinhart som Rognes sende i går, lagt fram i
    innringingsprogrammet Radiocom i morgonsendinga til France Inter
    (statleg kanal). Den prominente morgonkommentatoren, Dominique
    Bromberger, byrja å stamme, blei nølande, heilt til han fall attende i
    den vanlege sjølvsikre stilen, og proklamerte at på den eine sida..., og
    på på den andre sida..., blablabla...Ariel Sharon kunne ikkje bli stilt
    for den internasjonale domsstolen i Haag, fordi denne ikkje fantest i
    1982/83, osv. Heilt umogleg å få ut det minste pip av kritisk analyse om
    "Det Heilage Landet". Han klamra seg så langt han kunne til det som
    offisielt har blitt framstilt som Sharon sin "provokasjon", og som skal
    ha utløyst det heile. Israelsvenene hoppar bukk over over det faktum at
    dette føyer seg inn i ein svinesti av intriger som går som ein raud tråd
    gjennom sioniststaten si historie. Dei hoppar også bukk over det faktum
    at den finst ein okkupant og ein okkupert i området, og at År 0 i
    Palestina ikkje er 1948.

    Barak skuldar Chirac for nederlaget i Paris, for presidenten skulle ha
    kome med utidige kommentarar, og "oppmuntra" Arafat til å forlange ein
    internasjonal undersøkjingskommisjon for å utpeike den ansvarlege for
    dei siste dagars hendingar. Dessutan skulle "l'atmosphère adéquate" ha
    mangla, i følgje israelarane.

    Chirac våga seg til og med frampå med litt sunn fornuft, då Barak gav
    seg til å argumentere under møtet i Elysée-palasset. Han viste til dei
    talrike reportasjane på tv: "Eg ser det eg ser. Ikkje ein einaste
    statsleiar i verda kan nekte for at de brukar helikopter. Talet og
    proporsjonane på såra og drepne viser kor ansvaret ligg!" Barak skal ha
    svara at ein statssjef "ikkje baserer politikken sin på tvprogram" ...

    Sjå:
    http://www.lemonde.fr/article/0,2320,dos-3596-103870-QUO-1--,00.html
    (I denne artikkelen ser ein også at Kofi Annan som vanleg heng i skjørta
    til Albright, og ikkje snakkar utan at han blir spurt).

    Den såkalla "propalestinske haldninga" til presidenten, dei
    antiisraelske demonstrasjonane og ein synagogebrann i Aubervilliers
    (forstad til Paris) fekk sjølvsagt jødelobbyen til å gå i fistel. Denne
    er organisert i eit slags fellesskap av forskjellige organisasjonar
    under namnet "Conseil représentatif des institutions juives de France"
    (CRIF), og dei forlanga å bli mottekne "en toute urgence". Dei hadde
    separate møte med Chirac og Jospin i dag.

    I spissen for denne skinheilage flokken finn ein "prominente" folk som
    advokaten Henri Hajdenberg (leiaren for CRIF), grand rabbin de France
    Joseph Sitruk, David Saada, adm.dir. for Fonds social juif unifié, og
    leiaren for l'Alliance israélite universelle, Adolphe Steg. Elles finn
    ein representantar for Likoud de France (den franske greina av partiet
    til Sharon), som kastar seg over saka om øydeleggjinga av "grava til
    Josef" og som kallar det "eit skammeleg brotsverk utført av politiet til
    Arafat". Le Betar et le Tagar de France (ultrasionistar) var også til
    stades, og ville berre "uttrykke si forbausing og sitt raseri stilt
    ovanfor barbariet og villskapen til arabarane". CRIF kallar inn til
    solidaritetsdemonstrasjon framom den israelske ambassaden i Paris. Det
    er nesten som for eit og eit halvt år sidan, bortsett frå at "offeret"
    denne gongen ikkje blir bomba, men har full støtte frå verdssheriffen...

    Resultatet av møtet var det vanlege bla-bla, med foto på trappa og
    sleske grimaser ("smil"). Det jødiske samfunnet ber Chirac om "balanse"
    - "Frankrike bør halda seg til rolla som mediatør og ikkje ta parti",
    som Hajdenberg på arrogant vis postulerer.

    Balanse og likevekt... for nokre luftige ord.

    FN ligg flat for Amerika, med England og Noreg på slep. Lat oss for all
    del håpe at det ikkje blir norsk representasjon i Tryggjingsrådet. Skal
    ein på død og liv drite seg ut i høve til Midt-Austen, får det halde med
    Nobelkommiteen!

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sun Oct 08 2000 - 23:12:25 MET DST