SV: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme")

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Wed Aug 23 2000 - 14:11:34 MET DST


For all del, eg har ikkje ytra meg mot ny teknikk og ikkje mot at folk skal ta nyvinningane i bruk, og breiband bør ut til alle. Det er, som Nærum skriv, ein måte å byggje landet på. På same viset som det fattige Norge i si tid sikra dei aller fleste telefon og veg og postrute og straum og alle fylke sør for Troms jernbane, bør det rike Norge kunne sikre oss tilgang på digitale signal. Og, sidan Tormod Hermansen var nemnt, på torevêrsssikra, digitale signal. Der eg bur, har torevêret øydelagt 3 ISDN-boksar i sommar. Etter ein dag eller to eller i eit høve ei veke kjem det nye selskapet som har ansvaret, Bravida, og legg inn ein ny boks. Kvar gong ber eg dei om å leggje inn sikringar, og dei seier dei skal sjå på det. Men det blir med det. Tormod Hermansen les vel ikkje dette forumet, men nokon bør fortelje han at Telenor og/eller Bravida kan spare mange pengar, mange reparasjonsturar og mange irriterte kundar på dei få ekstrakronene ISDN-boksar med overspenningsvern kostar.

Breiband til alle er altså bra. Men det er heller ikkje all verda. Eg trur Tron Øgrims datahylling i bokform forsvann i ei kasting av unødvendige bøker, så eg kan ikkje sitere, men der stod det nærast at datasatsing er berginga for bygde-Norge. I staden har IT-bransjen vorte ein av dei mest sentraliserte bransjane i dette landet. Stordelen av arbeidsplassane kjem i Oslo og ikkje i utkant-Norge. Der stod det også at eit av dei viktigaste krava til skolepolitikken, kanskje det aller viktigaste, er ein datamaskin pr. elev. Eg har ikkje noko imot elevPC-ar over skolebudsjetta, ikkje slik å forstå, men for meg er leksika, fagbøker, gode skolebibliotek, færre elevar pr. lærar, gratis lærebøker, skikkelege undervisningslokal med luftutskifting, etterutdanningshøve for lærarar og mange slikt vel så viktig. Ein kunne ha undersøkt til dømes om elevar som gjekk ut or ungdomsskolen i Modalen fem år sidan, som fekk kvar sin berbare og som difor truleg lærde seg å bruke MS-DOS, Word Perfect!
 4.2 og eit rekneskapsprogram og kanskje også å finne fram på Kvasir, om dei no i dag står på eit anna og høgare nivå enn andre elevar. Eg tvilar.

I min heimkommune, som mister arbeidsplass etter arbeidsplass, sit no dyktige og velmeinande folk og lagar internettpresentasjonar av turistattraksjonar. Draumen er at folk skal lese på nettet om alle dei turisttilboda Hallingdal har og dinest kome stimande. Fylket finansierer og ser på det som eit viktig, distriktspolitisk satsingsområde. Eg trur det blir verande ein draum, men pengane sit laust når det gjeld noko så moderne som kombinasjonen turisme/internett.

Eit program for radikal teknorealisme? Det er ikkje meg imot, men slik eg ser det, er eit par andre problem langt meir brennande for den såkalla venstresida. Det gjeld at denne venstresida i svært liten grad forstår og legg til grunn naturens lover og at me har svært lause og omtrentlege tankar om korleis det nye samfunnet skal formast. Når me får gode svar på desse spørsmåla og altså gode bodskapar å formidle, trur eg også folk vil finne måtar å formidle bodskapane på.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:14 MET DST