Re: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme")

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Aug 23 2000 - 15:05:14 MET DST


Bjarne Naerum wrote:
>
> Takk til Lars Staurset for svar:
> >I bilen for ein time sidan høyrde eg litt av Kulturnytt i NRK P2. Det
> >var snakk om alle dei TV-kanalane vi skal få i den digitale tidsalderen
> >om 5-10 år: 7-8 gonger så mange kanalar som no. Kva skal sendetida
> >fyllast med? Jau, amerikanske seriar som alt er laga, eller som er
> >billege å produsere: reprisar av MASH og slikt. I tillegg må det seiast
> >at dette blir den "seriøse" delen av sendeflata, den som kjem innimellom
> >reklamen. Nettet blir ein stor butikk, men med litt såpe og sport for å
> >halde på sjåarane. Tendensane er tydelege nok i kommers-TV alt no.
>
> Ja, jeg hørte også dette -- enda ETT kritisk perspektiv som bør med.
> - Selv om vi jo kan håpe at kommende generasjoner blir mindre opptatt
> av dårlig TV-såpe enn din og DENNE forskerens. (Og min? Her ser vi
> alt en tildels oppløftende dreining mot Internett som "favorittmedium"...)

Såpa kjem jo også til Internett, saman med butikken (ein liten smak av
butikk er der alt no :-( ). TV og Internett veks saman, og tek opp i seg
telefon/video og delvis post, som du er inne på. I underhandling og
kommers ligg kravet til bandbreidde.

Utbygginga av nettet kostar gigantiske summar, som i hovudsak eller
fullt ut må tenast inn att med betaling frå telekundane (butikkar,
leverandørar og forbrukarar, til sjuande og sist forbrukarane).
Teleselskapa (no også Telenor) kjøper opp innhaldsleverandørar (først
A-pressa, om nokre år det blåruss-styrte NRK?) for å sikre seg stoff til
sendingane. Eller omvendt: Daglegvarebransjen søker umts-lisens (neste
generasjons mobiltelefon) for å sikre seg kanalar til reklame og sal.

Vi kan sjølvsagt håpe på at publikum reagerer med å velje dei kanalane
og leverandørane som har lågast kommersfaktor, og gjerne (dersom det
blir muleg) kosar seg med å reklamefrie brev til kvarandre, slik som
her. I så fall (eller i alle fall) vil det bli inntektssvikt og
konkursar i bransjen. Om restane av Telenor/NRK blir kjøpt opp av AOL
eller Telia/SR av Vodafone eller omvendt, får tida vise.

Skulen treng utvilsamt breiband for å henge med på nye
undervisningsformer. Men kven utviklar dette? Kven leverer og
finansierer innhaldet, den moderne skulekringkastinga? Reklame er alt på
veg inn i lærebøkene, eg seier ikkje meir.

> Men hørte du også "Sånn er livet" på samme kanal kort etter? Her sa
> ordførerer Børre Rønningen i Vinje kommune -- som nå kjemper
> for å snu fraflyttinga / sentraliseringa ved å bl.a. tilby ymse gavepakker
> til nye innflyttere (OG: som vil bli knytta til en ev. framtidig Haukelibane)
> -- at "bredbånd er nødvendig" som element i denne snuoperasjonen.
> Det sa han. Slik utbygging vil derfor bli prioritert av kommunen framover.
> (Jf også mitt siste innlegg, om satsinga i Seljord, Bø og bortetter.)

Ordføraren er ein sporv i tranedansen, men kanskje litt større og
sterkare sporv enn vi som debatterer på KK-forum. Han og kollegaene hans
må sjølvsagt stå på for å sikre seg arbeidsplassar, og somme av dei vil
kanskje greie det.

> Men bruken av nettet vil opplagt - i grove trekk - bli STYRT av hvordan
> det bygges ut framover, av hvem, hvor, for hvem, for hva osv.

Eg vil heller seie det omvendt: Den påtenkte bruken styrer utbygginga.
Er det nok betalingsvillige kundar i Vinje til å finansiere 150
reklamekanalar dit, og få litt kultur på kjøpet? Vil kommunen spytte i
kassa? Vil staten?

> Dette
> er et nytt, stort og nasjonalt utbyggingsprogram og en politikk som
> venstresida enten kan engasjere seg i, eller bare legge på røret!
> Men hva slags engasjement? Jeg vil svare: Radikal teknorealisme.

Jau, men skal kravet vere "breiband til mi bygd NO, slik at vi også får
del i alle såpekanalane!"? Eller kan vi stille meir dristige krav?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:14 MET DST