Re: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme")

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Aug 23 2000 - 15:39:20 MET DST


Trond Andresen wrote:

> Jeg synes grunntonen i det Staurset sier er destruktiv; han tømmer bare
> kaldt vann på Nærums entusiasme uten å bidra med noe annet.
>
> Derfor synes jeg det er på sin plass at Lars S. nå forklarer hva de "meir
> dristige kav" han i stedet mener bør stilles, går ut på?

Entusiasme er bra, og dersom tonen min vart for negativ, er eg lei for
det. Men eg prøver å minne om at det er andre aktørar som styrer
utviklinga på dette området. Velmeinte krav frå oss opposisjonelle fører
kanskje ein annan stad enn vi tenkte oss.

Eg avslutta det forrige innlegget med ein laus tråd, dels fordi eg ikkje
hadde tid til å skrive meir (det har eg ikkje no heller), men mest fordi
eg ikkje har svaret og derfor må nøye meg med å stille spørsmålet. Kva
slags krav er det fornuftig å stille? Statsfinansiert breiband?
Reklamefrie soner? Nei til Telenor-oppkjøp av media? Oljepengar til NRK?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:14 MET DST