REFERAT

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 15 Sep 1998 20:48:29 +-200

OM NORSK ØKONOMI

Denne teksten burde vera av interesse for alle som er opptekne av økonomisk politikk og ordskifta kring statsbudsjett, renter, valutakurs etc.

Klassekampen hadde onsdag i førre veke eit møte om Norsk Økonomi, som det heiter. Møtet var eit ledd i førebuinga av det vidare arbeidet med å dekkja statsbudsjettet som blir lagt fram 5. oktober. Vi ser på statsbudsjettet som ein av dei viktigaste økonomiske reiskapane for herskarklassen i Noreg, og som den viktigaste politisk-økonomiske kamp-arenaen ved sidan av tariffoppgjeret. Difor vil vi gjerne gjera ein god jobb Til stades var ein del folk frå redaksjonen, samt økonomane Jan Mønnesland, Roar Eilertsen og Harald Minken.

Jan Mønnesland heldt ei stutt innleiing der ha la fram sine syn på nokre av dei mest sentrale omgrepa og spørsmåla som har vore oppe i ordskiftet kring rentauke, statsbudsjett og "norsk økonomi" generelt. Deretter var det eit laust ordskifte som gjekk i mange ulike retningar. Eg vil her leggja fram eit subjektivt utval av det som kom fram under møtet, for dei som måtte vera interesserte. Eg kan ikkje garantera for innhaldet ettersom eg slett ikkje er nokon økonom, eg har referert etter fattig evne:

=A4 Det er viktig å hugsa at "raddisane" ikkje står åleine i desse ordskifta. Mange fagøkonomar vil dela mange av synspunkta vi står for, slett ikkje alle speler den politiske propagandaplata. Det er fyrst og fremst journalistane og Løvebakken som syter for den ekstreme einsrettinga i debatten. Dette er viktig for Klassekampen å hugsa.

OM "OVEROPPHETING" OG OFFENTLEG SEKTOR:
=A4 "Press i økonomien" er så godt som synonymt med høg sysselsetjing/låg arbeidløyse/kamp om arbeidskrafta/ein sterk posisjon for lønsarbeidarane på arbeidsmarknaden. Difor er ikkje dette presset noko vi umiddelbart er negative til. Kampen for å redusera presset i økonomien handlar i stor mun om ganske enkel klassekamp for å styrka kapitalsida på arbeidsmarknaden.

=A4 Midt oppe i snakket om det forferdelege Presset i økonomien, er det viktig å hugsa at det finst kring 80 000 arbeidslause, pluss mange på universitet, på attføring, mange undersysselsette etc som eigentleg skulle vore i arbeidsløyse-statistikken. Det er altså framleis ein stor reserve av arbeidskraft. Vi minnar om parola på balustradaen på Youngstorget i 1985 (?) under Willoch: 50 000 arbeidsløse er en skam - regjeringa må gå! (Tidene skifter.)

=A4 Vi hadde eit ordskifte om kva slag økonomisk politikk staten bør føra når det er "press i økonomien" (til dømes: kor mykje investeringar og offentleg forbruk). Serleg Mønnesland tok til orde for fyljgande standpunkt: Dersom det ER strid om ressursar og arbeidskraft er det likevel fullt mogleg og heilt legitimt at offentleg sektor ekspanderer og tek arbeidskraft/ressursar frå det private. Velferdsstat og offentleg sektor som politisk ambisjon er ikkje MOGLEG utan å overføra verdiar frå privat til offentleg sektor.
Alternativet til å sjå slik på det er å gå inn for at privatkapitalen skal ha ein slags vetorett, som nektar det offentlege å investera dersom dette kan ta "realøkonomisk handlingsrom" frå dei private. Det er dette ei samla høgreside står for, og trenden i dag er at offentleg sektor dansar etter privat si pipe og berre godtek at privat sektor ikkje vil avgje arbeidskraft.

VALUTAPOLITIKK:
=A4 Vi avviser påstandane om at presset mot krona og den påfylgjande renteauken syner at både det siste statsbudsjettet og lønsoppgjerer var "for gode". Årsakane til den reduserte kronekursen finst i den låge oljeprisen, og evt i den stendige sytniga frå DNA om at det går så elendig i Norsk Økonomi. Vi ser desse påstandane som ledd i ein ideologisk kampanje for å få til nedskjeringar på statsbudsjettet og moderasjon ved neste lønsoppgjer.

=A4 Når det gjeld alt pratet om korleis Markedet vil reagera på statsbudsjettet: Ein kan IKKJE styra økonomien etter eit mål om å tilfredsstilla dei kronisk nervøse valutaspekulanane.

=A4 Det var semje om at det finst gunnar til å halda ein stabil kronekurs: Stigning vil gjera eksportvarer dyrare og såleis svekkja Av dei ca 1070 milliardane i BNP (den målbare omsetnaden i norsk økonomi) går omlag 700 mrd til løn og 300 mrd til kapitalinntekt. Men ein del av dei 700 mrd går til høge løner (direktørar etc), som eigentleg er uttrykk for utbyting (omfordelt kapitalinntekt).

=A4 Det tyder at berre ein prosent auke i kapitalskatten vil gje 3 mrd ekstra til statsbudsjettet (vips! - ein kontantstøttereform). Dersom vi krev auke frå 28 til 35 % kapitalskatt blir altså kring 21 milliardar i aukt inntekt. Plussar du på med RV sitt framlegg om skatt på aksjeutbyte, får du opp mot 15 mrd til og er oppe i 36 mrd. Då skulle det vera stramma inn meir enn nok.

=A4 Innvendingane kjem straks: - Du må då forstå at Kværner og Hydro ikkje er typiske bedrifter i Norge, små verksemder vil gå over ende dersom vi auker kapitalskatten! Vi svarer glatt: - Ja det er sant, nokre verksemder vil få problem og gå over ende. Men sånn skal det jo vera! Når staten strammer inn i privat sektor (kapitalskatt) er det jo nettopp for å skapa det raløkonomisk handlingsrommet som TRENGST dersom offentleg sektor skal ekspandera! Dette ER omfordeling frå privat til offentleg sektor - heilt riktig - av både kapital og arbeidskraft.

STATSBUDSJETTET:
=A4 Det viktigaste sporet å fyljga når det gjeld nedskjeringar på offentlege utgifter er: "Dette gjer dei fordi dei ynskjer høgare arbeidsløyse, og nedskjeringane VIL føra til høgare arbeidsløyse". (Dette har også Statistisk Sentralbyrå sagt ganske klårt.) Ikkje minst når Ap kjem med sine endringar er denne propagandaen viktig, ettersom dei vil gå inn for endå høgare arbeidsløyse enn regjeringa.

=A4 Budsjettpostar vi fylgjer med på:
-Overføringane til kommunane (her ligg mykje av velferden).
-Skatteøret (skatteprosent) til kommunane
-Husbanken
-Lånekassa for studentar
-Pressestøtta (sjølvsagt!)
-Sjukelønsordninga og andre ting i trygdesystemet
-Skjer det noko med eigenandelar i velfersstaten?
-Sikkert fleire ting

Magnus E. Marsdal
KLASSEKAMPEN