Svar_på_spørsmåla_frå_Marsdal

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 15 Sep 1998 21:09:44 +0200

Marsdal spør: "Er det slik at Randen meiner at slike folk ikkje KAN læra
seg eit "korrekt" skriftspråk, fordi dei har for mykje ikkje-skriftleg
arbeid? Og at den språkpolitiske lina såleis blir å avskaffa det "korrekte"
språket?"
Nei, eg ser det ikkje slik. Eg meiner derimot at krava til at språket skal
vere korrekt, ofte står i motsetnad til at det skal vere variert, råkande,
presist og nyskapande. Etter mitt skjøn er skiljet mellom godt og dårleg
språk langt viktigare enn skiljet mellom rett og feil språk.
Når det gjeld talemål i eit nokolunde dialekttolerant land som Noreg, er
det ikkje store skilnader mellom kong Salomo - eller kong Harald om du vil
- og Jørgen Hattemakar. Den siste kan uttrykkje seg minst like godt som den
første. Og den siste lever i eit miljø der han øver opp uttrykksevna minst
like godt. Men når det gjeld skriftmål, er det annleis. Det meistrar ein
elite og dei som står på deira lønningsliste. Desse bruker krava om korrekt
språk for å halde ytringar og skriving nede og avgrense dette til dei
lojale. Om du ikkje meistrar rettskriving etter dei krava dei skriftlærde
set, vil du kvie deg for å klage på skatten eller skrive eit lesarinnlegg
eller lage ei fråsegn frå klubben. Same om du kan formulere deg aldri så
godt munnleg og kanskje også skriftleg.
Marsdal spør vidare: "Kan ikkje lina vera å stri for at alle lag av folket
i Noreg skal få dei materielle tilhøva og den kulturelle/intellektuelle
sjølvkjensla som skal til for å mestra eit korrekt skriftspråk, og gjera
Den velformulerte arbeidar og bonde til eit ideal? Eg innser at dette tyder
å gje mange i "den gemene hop" noko å strekkja seg etter, utover det dei
kan frå før, men er dét så gale? Eit kvart revolusjonært/sosialistisk
standpunkt tyder vel å gje arbeidsfolk ein jævla masse å strekkja seg
etter?"
Hadde du skrive eit godt i staden for eit korrekt skriftspråk, hadde eg
kunna skrive under på alt dette. La meg berre sitere Arthur Arntzen:
"I Nord-Norges lange og makalause førtællartradisjon har bruken av
kraftige, heimesnekra ord, og saftige, sjøllaga uttrøkk gjett speinst,
førnyelse og ækte liv i språket. Den rikaste tradisjonen i laindsdelen blei
borren med iver fræm igjønna tida av eilleville skrønemakara - og besatte
storlygara. Dæm eide ikkje bære fantasi uten grænser, men også en medfødt
ordglæde. Bæst va dæm når det eine ordet tok det ainner i halen og stypte
kråka, og hoppa bukk over aill logikk, og rætt ut i den hællige galskap."
Korrekt? Nei, heldigvis ikkje. Det finst så uendeleg mykje meir i folks
tenking og tale enn det blodfattige korrekte. Difor må skriftspråket så
langt råd formast slik at alt dette kan finne sine uttrykk.