Re: NEI-STRATEGI?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 28 Aug 1998 16:28:01 +0200

Sigurd Lydersen wrote:
>
> Min hensikt er snarere å påpepeke den innlysende kjensgjerning at heller
> ikke Nei til EU-siden har noen privilegiert tilgang på sannheten om verden
> og utviklingen, og på det grunnlag mane til en litt mindre ideologisert
> tilnærming til problematikken. Det er sårt nødvendig også dersom man tenker
> Nei til EU-strategi. For å bli vellykket må også den strategien ta høyde
> for at EU eksisterer som en realitet og samtidig fremme forslag for hvordan
> man best bør forholde seg til denne realiteten.

Nei-sida har eit visst preg av klassisk sosialdemokrati og bondevet, men
har ellers i liten grad noko felles ideologisk grunnlag. Dette er både
ein styrke og ein veikskap. Styrken er at vi famnar breitt, veikskapen
at vi ikkje har noko klårt mål utover det å halde oss utafor EU. Slike
mål må formulerast av andre enn organisasjonen Nei til EU, f.eks. av
miljørørsla og dei politiske partia.

Slik situasjonen no er, står vi midt i ein forsvarskamp mot
EU-tilpassing og i neste runde medlemskap. Vi har ikkje tid og krefter
til å fremje nokon offensiv strategi. Somme trudde kanskje at
sentrumsregjeringa skulle gje oss ein pustepause, men i staden står ho
fram som ei drivkraft for EU-tilpassing og eit lok over motstanden.

> Da er man tjent med en
> mindre ideologisert, mer virkelighetsnær tilnærming uten at man samtidig
> oppgir erkjennelsen av at vi selv er med på å forme framtiden, slik Gudmund
> Hernes og sosialdemokratiet gjør.

Gjer dei det? Eg trur heller det er krava frå den offensive
kapitalmakta, også kalla "utviklinga" eller "framtida", som formar
Hernes og sosialdemokratiet, og eg ser ikkje bort frå at Sigurd Lydersen
er i den same forma.

> For Nei til EU-saka er vel ikke ment å skulle
> være en nei til internasjonalisme-bevegelse? Internasjonalisme burde være
> en felles flaggsak for norsk venstreside, også bør man diskutere EU på det
> grunnlag, hvorvidt EU fremmer eller motvirker internasjonalisme.

Kva er "internasjonalisme"? Nei til EU er for internasjonalt samarbeid,
også mellom Noreg og EU. Vi er mot unionen, og vi er spesielt mot at
styringsmakt blir flytta lengre bort frå folk flest, f.eks. til Brussel.
Vi ønskjer lokalt sjølvstyre overalt og grensekontroll der det trengst.

God helg
Lars Staurset