NEI-STRATEGI?

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 24 Aug 1998 20:25:59 +-200

OM VENSTRESIDAS NEI-STRATEGI

Fjortande august var ein god dag, for meg. Den viktigaste grunnen til dét var nok at det var den dagen det fyrste ope møtet i Oslo RVs ungdomsforum fann stad. 25-30 ungdomar møtte opp til eit sers interessant ordskifte om kva som skjer i EU og i den norske EU-striden, og ikkje minst kva som må til frå Nei-sida dersom vi skal vera på høgda strategisk og taktisk. Meir om det snart, men fyrst litt om dette ungdomsforumet.
Oslo har truleg eit problem som byen deler med ganske få stader i Noreg: Det finst ganske MANGE revolusjonære ungdomar her, som alt for sjeldan møtast. Mange driv på i Raud Ungdom, nokre er i RV, nokre er i AKP, ein del er i ulike frontorganisasjonar og nokre er mest i avisa Klassekampen. Dei aller fleste av oss meiner at det er alt for få konstruktive og interresante politiske ordskifte vi kan ta del i. Dette kjem både av at vi sjeldan møtast i større samanhengar, og av at nokre tilgjengelege tumleplassar, til dømes RV, er alt for prega av førre generasjonen sine skyttergravskrigar til at det er serleg mykje interessant å henta der. Difor er eit ope ungdomsforum i RV-regi ekstremt velkoment hjå mange, skulle eg tru, noko det gode oppmøtet etter berre eit minimum av mobilisering skulle tyda på.
=09
EIN NY FASE
Innleiingane på EU-møtet dreide seg om ståa i den norske EU-kampen, og utviklinga i EU sjølv. Det vart peika på korleis Amsterdam-traktaten og kampanja kring den siste folkerøystinga i Danmark syner at EU i stendig sterkare grad blir eit velsmurt propagandamaskineri. EU har teke problema med låg folkeleg popularitet på alvor, og utstyrt Amsterdamtraktaten med ein masse ordlyd som kan sjå både miljøvenleg, solidarisk og demokratisk ut, og dette pregar med kvart biletet mange har av unionsprosjektet - eit miljøprosjekt for fred og fridom, altså. Samstundes vart det slått fast at EU dei næraste åra gjennom implementeringa av Amsterdam-traktaten vil utvikla seg til ein forbundsstad, med felles mynt, overnasjonale avgjerder på svært mange område, Europol, militær union og samordning av utanrikspolitikken.
Innleiarane hevda at den norske EU-striden er over i ein annan fase enn den som var i 1995-1997. No er det slutt på den attendeskodande tida då alt handla om kva tilhøve den dagsaktuelle EU-politikken hadde til 28. november 1994, no er det EU-tilpassing HER OG NO og framtidig strid om medlemskap det handlar om. Nei-sida har òg fått ei meir takknemleg sak å køyra på gjenom EØS-utvidinga. Ja-sida har vorte merkbart meir offensive, og pratar stendig oftare om "ein ny situasjon for Europa" og denslags. Europeisk Ungdom er godt igang med propagandaen for det freds- og miljøelskande Amsterdam-EU.
Samstundes er Erik Solheim igang med ein kampanje for sit "Ja til globalisering"-standpunkt, som objektivt sett kan oppfattast som ein del av Ja-sidas offensiv i Noreg. Som viktige debattområde for å vinna tvilarar i åra frametter peika innleiarane på:
- At det er naudsynt å gå Erik Solheim i møte med kunnskap og analyse, slik at folk på venstresida kan sjå at han rett og slett tek grundig feil.
- At det må førast strid mot den "byradikale" stemplinga av Sp og andre Nei-folk som "reaksjonære bønder", og strid mot at "Nasjonal sjølvråderett" skal oppfattast som noko trangsynt og halvrasistisk. Både i RV og ikkje minst i SV vil dette vera viktig å føra ideologisk strid om.
- At vi må gjera ein langt grundigare jobb enn i førre EU-strid med å få fram at EU og EU-landa er imperialistmakter som ikkje tryggjar, men TRUGAR freden. Nei-sida hadde ikkje stort å møta "EU er bra for freden"-argumentet med i 1994, og dette er truleg eit ganske viktig tvilar-argument. Mange byradikalarar kan vonleg vippast til Nei gjennom å fokusera på kva EU tyder for folk i tredje verda.

MANGE SPØRSMÅL
Ordskiftet på møtet gjekk i mange ulike retningar. Eg vil her nemna eit lite utval av spørsmål og påstandar som kom opp. Desse kan vonleg spora til debatt i fleire miljø.
- Vi risikerer at ideen om at EU er progressivt fordi EU gjer mogleg i alle fall LITT styring av kapitalen i "vår globaliserte verden" kan få fotfeste ganske langt ute på venstresida.
- Kva med tilhøvet mellom EU, EØS, WTO og MAI, kor atskilte kan desse ordskifta og kampane vera?
- Kva med Nei til EU og "frihandel"? Bør Nei til EU vera ein front også for dei som er tilhengjarar av frihandel?
- Ja-folk i SV rører på seg, i Ny Tid. Samstundes har Sp skuleringskonferanse om/mot globalisering, og interessen for EU-strid er på veg fram mellom folk i Sosialistisk Ungdom. Ungdom mot EU er sterkare enn på lenge.
- Det må alltid stå heilt sentralt for Nei-rørsla å driva folkeoppslysing. Ikkje minst er det naudsynt å alltid leggja fram dei konkrete og lokale fylgjene av EU/EØS i kvardagen til folk.
- Nei-sida under neste EU-strid blir nok i større grad bore fram av vår generasjon. Det var "68-generasjonen" som stod mest sentralt også i 1994, den organiserte ungdomsrørsla var ikkje så sterk sjølv om nei-prosenten mellom ungdom var høg. Det er viktig å gjera framgang på dette området.
- Ei radikal studentrørsle kan få stor verknad i EU-spørsmålet. I tillegg til å organisera EU-strid mellom studentar er det naudsynt å føra strid om innhaldet i faga på universiteta. Sentra for ideologiproduskjon blir stendig meir prega av Euro-tenkjinga og antinasjonalisme, og dette trengst det idologisk motstand mot.
- Kan og bør Kvinner På Tvers arbeida med EU-spørsmål?
- Den sosialistiske argumentasjonen mot EU må utviklast. Det må skapast eit rom for eit Nei som ikkje er eit Hurra for Det Norske Folkestyret.
- Kva skjer dersom Frp blir eit Nei-parti?
- Det er naudsynt at fleire Nei-folk kjem i sving med å diskutera strategi og utvikling av EU og Nei-rørsla, Ja-sida er godt igang med å posisjonera seg og flytta ideologiske brikkar.

Det siste punktet får stå som den viktigaste oppsummeringa; det trengst meir framsynt debatt om EU-striden i Noreg.

FLEIRE MØTE
RVs ungdomsforum i Oslo planlegg fleire møte utover hausten. Den førebels lista ser slik ut:
4. september: Kven og kva er arbeidarklassen i Noreg i dag
2. oktober: Kvinnekamp og klassekamp
6. november: Marx om framandgjering; kva er relevant for oss i 1998?
4. desember: Stalinismen - finst han og kva er han i så fall?

Etter nyttår blir det møte om det som kallsast Globalisering. Den ekstremt observante lesar har fått med seg at møtene skal finna stad den fyrste fredagen i kvar månad. Eg vil oppmoda alle revolusjonære og andre interesserte ungdomar i Oslo og omegn til å koma på desse møtene. Nøyaktig tid og stad veit eg lite om, men det vil sikkert stå noko i Opprør, Klassekampen og denslags. Eller du kan ringa Marte på 22675185.

MAGNUS E. MARSDAL