Re:_internett_og_kjønn_-_artikkel

Magni Onsoien (magnio@pvv.ntnu.no)
Fri, 28 Aug 1998 17:24:37 +0200 (METDST)

On Wed, 26 Aug 1998, Ottar Solberg wrote:

> I artikklene tar hun opp ting rundt dette som kalles Nettikette.
> Jeg har hør og sett litt hva som legges i dette, og har lurt en del på
> hvorfor det idet hele tatt settes opp noe slikt som Nettikette.
> Hva er det som er så spesielt med å diskutere, kommunisere på nettet at det
> må til egne etiske regler?
> Det er klart at diskusjon og kommunikasjon på nette har i seg helt andre
> kvalitative ting enn andre former for diskusjon og kommunikasjon, og
> krever kanskje en egen ettikk ut fra det.

Kommunikasjon på nettet er slik eg ser ikkje spesielt ulikt anna
kommunikasjon, ei heller kvalitativt. Men eit problem er at komunikasjon
på nettet er ein særdeles ung form for kommunikasjon, spesielt blant
"menigmann". Tidlegare, dvs. inntil 1995 eller deromkring, var
internett/nett generelt noko som stort sett berre studentar og deira
lærere av ymse slag (gjerne innan matematisk-naturvitskaplege og
teknologiske fag) hadde tilgang til. Dei fekk denne tilgangen av reint
faglege grunnar, og sidan ressursane var knappe, vart dei for ein stor del
også brukt til faglege ting. Sjølvsagt var det også meir useriøse ting der
"ute", men i bunn og grunn hadde ein faglege grunnar for det ein gjorde.
Dermed fekk ein eit heilt anna forhald til teknologien - det var ikkje eit
leiketøy, men eit hjelpemiddel, og respekten for andre gjorde at folk
stort sett ikkje gjekk over dei meir eller mindre usynlege grensene som
var satt. Døme på slike grenser var t.d. kordan ein oppførte seg overfor
andre, kordan ein svarte på ting, kordan innføringa av nye ting skjedde
etc.

I dag er situasjonen ein heilt annan. Veldig mange fleire har tilgang til
nett, og tilgangen er ikkje lenger knytta til utdanning/faglege grunnar.
Netsen heller tvert om, vil eg seie: av innlegg posta på nyheitsgrupper i
andre kvartal 1998 var så vidt eg hugsar 2/3 sendt frå kunder hos private
internetttilbydarar. Riktignok er nok mange av dei også studentar, men
tilgangen sin til nettet kjøper dei gjerne frå private.

Denne store tilstrøyminga av folk krever endringar. Medan folk før stort
sett hadde respekt for kvarandres aktivitetar på nettet, er det diverre
ikkje lengre slik. No er det blitt behov for køyrereglar. Køyrereglane har
kome etter mange års bruk, det vil seie at dei er vakse fram gjennom
"akademikaranes" bruk av nettet, og så skrive ned og "gjort gjeldande" (i
den forstand at nye brukarar vert oppmoda om å følge dei og kan risikere
sanksjonar av ulike slag dersom dei ikkje gjer det) for nye brukarar.
Reglane er omlag 100% basert på erfaringar ein har gjort seg om kva som er
plagsamt, kva som irriterer andre, kva som tek opp diskplass og
bandbreidde (bandbreidde er eit mål på kor mykje datasom kan overførast
over nettet. Viss noko bruker mykje bandbreidde, bruker det ein stor del
av den tilgjengelege kapasiteten, noko som går ut over andre brukarar som
vil bruke den same knappe ressursen). Lange linjer i mail er i seg sjølv
ikkje noko ulovleg - men det gjer det tungvindt for brukarar av andre
mailprogram å svare på mailen. STORE bokstavar har vore uttrykk for at ein
skirk ut noko (når ein ikkje har ein stemme å forhalde seg til, må ein
kunne lese kjensler, humør etc ut frå det som vert skrive - og måten det
vert skrive på. Viss eg seier "Microsoft er fint", kan få sjå akkurat kva
eg meiner slik det står no - seier eg derimot "Microsoft ER fint" eller
"Microsoft er fint ;)" eller "Microsoft er FINT", vert meininga lett
annleis. Og viss eg vil ropa til deg at MICROSOFT ER FINT!!! brukar eg
store boksatvar og utropsteikn.).

Så sånn sett innehld Netiketten mykje "teknisk" - men slik eg ser det, er
ikkje dette anna enn ein nedskrive versjon av skikk og bruk, i bunn og
grunn den same skikken og bruken som herskar elles i dagleglivet. Men
sidan Internet er såpass ferskt, er det enno behov for å ha det nedskrive.
Skuleborn har også plakatar med "Vær stille i timen og rydd etter deg" -
men nåpr dei vert ein del år eldre, hugsar dei det vonleg av seg sjølv -
og ikkje minst forstår dei nytten av å oppføre seg slik, sjølv om det for
somme nok virka veldig strengt av læraren å få dei til å vere stille i
timen.

Magni :)

--
Ed is so good for you.