Re: Gratis informasjon.

Magni Onsoien (magnio@pvv.ntnu.no)
Fri, 28 Aug 1998 17:25:27 +0200 (METDST)

On Wed, 26 Aug 1998, Ottar Solberg wrote:

> Tron Øgrim har i en artikkel gjengitt i KK for kort tid siden, argumentert
> for hvorfor all informasjon på Nette vil måtte bli gratis, all
> programvare vil bli gratis, opphavretten vil bli borte.

Opphavsretten vil vel neppe forsvinne heilt. Eit døme som har vore nemnd
her før, er Linux. Linux er eit gratis operativsystem, med fri kjeldekode.
Denne kjeldekoden er det for ein stor del Linux Thorvalds som har
opphavsretten til, men han har publisert den under Gnu Public Licence som
seier at kjeldekoden skal gjerast tilgjengeleg ved all vidaredistribusjon.
Dermed sikrer han at koden er "hans" - samstundes som at han sikrer at
andre får tilgang til den. Eg kan godt ta delar av hans kode, skrive masse
ny kode og så lage noko som er mitt eige og som eg kan selga. Men sidan eg
har brukt hans kode til delar av det, MÅ eg levere mitt produkt med
kjeldekode (utan å ta ekstra betalt for det, dog treng eg ikkje gi med
kjeldekode i de eg sel programmet, men folk skal kunne be om å få den
utan å betale ekstra), og eg må sjølvsagt la Linus Thorvalds ha
opphavsretten på dei delane av koden eg ikkje har endra.

> Programmer, informasjon, bøker osv, er alt et resultat av at en eller flere
> har gjort et stykke arbeid, et arbeid de skal leve av ( ialle falle er
> det slik i svært lang tid framover, langt ut over kapitalismen).
> Tron hopper over at dersom all informasjon, musikkstykker, programmer,
> bøker, osv blir gratis på Nettet, hvor skal da produsenten få sin
> betaling for sitt arbeid fra?

Forbes Magazine hadde nyleg ein veldig fin artikkel om dette.
<URL:http://www.forbes.com/forbes/98/0810/6209094a.htm>
Her står det litt om kordan folk som har publisert gratis programvare
faktisk overlever.

Til dømes sel forfattaren av programmet "Sendmail" (som brukes på veldig
mange mailservere rundt omkring) bøker om programmet sitt (men sjølvsagt
følger det med grunnleggande dokumentasjon som er tilstrekkeleg for drift
og oppsett - bøkene er på ingen måte naudsynte), og han tilbyr kurs og
installasjon/oppsett/drift av det. Programmet er dog gratis, og kven som
helst kan laste det gratis ned (med kjeldekode) og bruke det
vederlagsfritt. Han lever altså av å tilby tenester knytta til programmet,
ikkje av sal av programmet som sådan.

Ein fordel ved dette er at alle i prinsipper får tilgang til programmet,
uansett økonomi. Ein annan fordel er at når kjeldekoden er gratis, er det
lett for andre enn han sjølv å kome med endringar som feks. gjer
programmet raskare eller tryggare. Mange av feilene i programmet er blittt
oppdaga og tildels fiksa av andre.

> Det kan umulig være slik at det selges til noen få, slik at produsenten får
> sitt, og så får alle de andre det gratis. Det er vel ingen som er dumme
> nok til å betale for alle de andre.

Joda :)
Til dømes får studentar og universitet, og ofte også "vanlege"
privatpersonar, veldig ofte gratis/billeg programvare, medan
firma/personar som skal bruke dette kommersielt må betale. Betalinga er
altså knytta til om ein har tenkt å tene pengar på bruken av det eller ei,
og dette synes eg er greit. Skal ein tene pengar, bør ein også betale for
det ein bruker. Skal ein derimot berre bruke det, feks. for å finne ut
meir om det eller for undervisningsformål, er det naturleg at eion slepp
betale for det. Sjølvsagt har firma også baktanker med dette: Folk som er
blitt fortrulege med eitt program, vil ofte foretrekke å bruke dette også
i jobbsamanheng, sjølv om det betyr at dei må betale for det då.

Magni :)

--
Ed is so good for you.