Re: NEI-STRATEGI?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 27 Aug 1998 15:47:00 +0200

Det er ein viktig debatt Magnus refererer frå. Dette svaret kjem litt
seint, fordi eg ligg på etterskot med både aviser og e-post for tida,
men saka er like aktuell enno. (Har Magnus skrive om dette møtet i KK,
forresten?)

Magnus Marsdal wrote:
>
> OM VENSTRESIDAS NEI-STRATEGI
>
> EIN NY FASE
> Innleiarane hevda at den norske EU-striden er over i ein annan fase enn den som var i 1995-1997. No er det slutt på den attendeskodande tida då alt handla om kva tilhøve den dagsaktuelle EU-politikken hadde til 28. november 1994, no er det EU-tilpassing HER OG NO og framtidig strid om medlemskap det handlar om. Nei-sida har òg fått ei meir takknemleg sak å køyra på gjenom EØS-utvidinga. Ja-sida har vorte merkbart meir offensive, og pratar stendig oftare om "ein ny situasjon for Europa" og denslags. Europeisk Ungdom er godt igang med propagandaen for det freds- og miljøelskande Amsterdam-EU.
> Samstundes er Erik Solheim igang med ein kampanje for sit "Ja til globalisering"-standpunkt, som objektivt sett kan oppfattast som ein del av Ja-sidas offensiv i Noreg. Som viktige debattområde for å vinna tvilarar i åra frametter peika innleiarane på:
> - At det er naudsynt å gå Erik Solheim i møte med kunnskap og analyse, slik at folk på venstresida kan sjå at han rett og slett tek grundig feil.
> - At det må førast strid mot den "byradikale" stemplinga av Sp og andre Nei-folk som "reaksjonære bønder", og strid mot at "Nasjonal sjølvråderett" skal oppfattast som noko trangsynt og halvrasistisk. Både i RV og ikkje minst i SV vil dette vera viktig å føra ideologisk strid om.
> - At vi må gjera ein langt grundigare jobb enn i førre EU-strid med å få fram at EU og EU-landa er imperialistmakter som ikkje tryggjar, men TRUGAR freden. Nei-sida hadde ikkje stort å møta "EU er bra for freden"-argumentet med i 1994, og dette er truleg eit ganske viktig tvilar-argument. Mange byradikalarar kan vonleg vippast til Nei gjennom å fokusera på kva EU tyder for folk i tredje verda.

Her vil eg leggje til nokre moment:
- Det er også viktig for venstresida korleis resten av den tradisjonelle
nei-sida stiller seg. Dessverre har Sp og KrF i regjeringsposisjon lagt
seg heilt flate for Brussel og for marknadspartia H, Ap og Frp. Det same
gjeld kjende V-folk som for eit år sidan var solide nei-støtter.
- Nei-sida har ikkje greidd å skape alvorleg motstand mot EØS-utvidinga
(veterinærkontrollen), trass i at trygg mat er ei sak det går an å
mobilisere på. 90 % av dei vi spør, skriv under på opprop, men vi har
ikkje greidd å nå ut til mange nok. I stor grad heng dette saman med
punktet ovafor.
- Valutauroa og spekulasjonane vil bli brukt som argument for å bli med
i pengeunionen. Dette kjøret er alt i gang, sjå f.eks. Dagens Næringsliv
25. august side 2.
- Med nye medlemsland vil EU framleis ikkje vere det same som Europa,
men forskjellen blir mindre enn før, særleg p.g.a. dynamikken i
utvidinga (kor mange blir med i neste runde, osv.).

I alle desse sakene må nei-sida (venstre og sentrum) argumentere og
påvise konkret kva utviklinga fører til for folk i og utafor EU. Vi
greier nok å stille opp den saklege argumentasjonen, men korleis skal vi
nå ut med han?

På kort sikt må vi finne ut kva vi skal gjere med KrF, Sp og V. Folk frå
desse partia er fortvila og rasande. Kva skal dei gjere, og kva skal vi
andre seie? Bør Nei til EU ta opp kampen mot sentrumsregjeringa?

Lars Staurset

P.S. til Sigurd Lydersen:
Dette er ikkje din debatt, for du tilhøyrer ikkje nei-sida. Vi veit at
du synest vi er trongsynte, men du held nok ut med oss. Sjølv har du -
trass i mange og lange innlegg - ikkje greidd å forklåre kvifor ein
"marxist-leninist" (eller annan venstreorientert person) bør vere
tilhengar av EU og globalisering. Det einaste "argumentet" du har
framført, er at "utviklinga" går den vegen.