Re: Elevmakt/ansvar for egen læring

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 25 Jun 1998 15:27:16 +0200

Gunnar Mjaaland wrote:
> Hvem er de største ekspertene på hvordan den
> enkelte lærer, eleven selv eller læreren?? Det opplagte svaret her må være
> eleven!!

Gunnar har ein del friske synspunkt i innlegget sitt, særleg til lærar å
vere, og eg skulle ønskje han hadde rett i alt saman. Dessverre trur eg
han forenklar litt.

Sjølv har eg aldri vore lærar (takk og pris). Eg har vore elev, rett nok
for lenge sidan, og har to ungdommar som opplever skulen nokså ulikt.
Den eine er meir motivert enn den andre, om eg kan seie det slik, og
resultatet blir deretter.

Elevtida startar ved 6-års-alderen og sluttar for dei fleste når dei er
ca. 19. Her er det sjølvsagt store forskjellar på aldersgruppene. Gunnar
skriv om ungdomsskulen, dvs. 13-16-åringar, men også her er det stort
sprik. Ikkje alle modnast på likt, og innafor same klasse kan det vere
bortimot eit års aldersforskjell på elevane. Somme kan til ein viss grad
"ta ansvar for sin egen læring", andre greier det ikkje.

> Med reeell innflytelse fra elevenes side er jeg
> overbevist om at vi ville ha fått en mye bedre skole. Det er elevene som
> vet hvor skoen trykker, hva som gjør skolen god og dårlig.

Er det læraren Gunnar Mjaaland som skriv dette, eller er det ein elev
som har lånt e-post-adressa hans? :-) Elevane veit mykje om dette frå
sitt perspektiv, men ikkje alle "veit" det same, av dei grunnane eg har
nemnt. Dei som snakkar høgast, er kanskje "duksane" og "bråkebøttene",
og dei har vel ikkje skotrykket på same stad? Få av dei unge elevane
veit særleg mykje om kva krav samfunn og arbeidsliv stiller til
kunnskapar.

> Og hvis vi lærerne gjør jobben vår, legger
> tilrette og gir elevene ansvar vil læringa blomstre. Og elevne vil ikke
> finne seg i at noen få ødelegger for de som vil lære.

Ein perfekt lærar i ein perfekt skule - kor mange slike finst det?
Korleis skal dei elevane som ikkje vil "finne seg i...", gå fram, reint
praktisk, for å setje dei andre på plass - og kva slags plass får dei?

> Er undervisningen kjedelig, bør det være fritt frem å forlate klasserommet.

Kven har då ansvaret for at denne eleven ikkje lærer noko? Kan eleven
seinare saksøke kommunen for manglande opplæring?

> En umotivert elev lærer ikke noe allikevel.

Jau, det kan han gjere, men motivering kan vere så mangt. Når verken
foreldra eller læraren kontrollerer om elevane har gjort leksa, blir det
mykje slendrian. Somme elevar gjer i beste fall det dei "må", dvs. det
læraren har sagt dei skal gjere, eller meir presist: det dei har
oppfatta at læraren har sagt dei skal gjere. Ekstraoppgåver som kan vere
viktige for å forstå stoffet eller øve inn teknikkar, gjer dei ikkje.

Å motivere elevane til å lære fordi dei har bruk for kunnskapar, er ei
stor utfordring både for skulen og heimen. Det ideelle er sjølvsagt at
stoffet er lagt til rette og blir presentert på ein slik måte at det
fengar interesse hos elevane, men det er ikkje alltid
lærebokforfattarane greier det, og som nemnt er ikkje alle elevane like
mottakelege.

Sjølvsagt har politikarane og departementet eit overordna ansvar for
læreplanar og ressursar, men eg tek ikkje opp den debatten no. I staden
spør eg Gunnar: Korleis vil du organisere ein elevstyrd skule som
fungerer?

Eg ønskjer også ein debatt om korleis vi best hjelper elevane gjennom
skuleverket. Saka burde interesse både lærarar, elevar og foreldre, men
ho er kanskje for banal for folk på KK-forum?

Lars Staurset