Re: Elevmakt/ansvar for egen læring

Magne Haagen Flatval (makne@kvalito.no)
Fri, 26 Jun 1998 01:00:04 +0200 (CEST)

Dette minner meg litt om forsøksgym..
..affal sånn som jeg har blitt fortalt

Fårsølsgym funka jo utrolig bra; de fleste fikk eksamenen sin med store
tall sjøl om ingen førte fravær og læreren satt i gangen med elevene og
spelte gitar

Funka det bare på syttitallet eller er det no sånt i dag?

---------------------------------------
Magne Haagen Flatval
lamon@kvalito.no
finger lamon@kvalito.no for pgp-nøkkel
---------------------------------------
Kampen fortsetter
http://www.kvalito.no/~lamon/
---------------------------------------

On Thu, 25 Jun 1998, Lars Staurset wrote:

> Gunnar Mjaaland wrote:
> > Hvem er de største ekspertene på hvordan den
> > enkelte lærer, eleven selv eller læreren?? Det opplagte svaret her må være
> > eleven!!
>
> Gunnar har ein del friske synspunkt i innlegget sitt, særleg til lærar å
> vere, og eg skulle ønskje han hadde rett i alt saman. Dessverre trur eg
> han forenklar litt.
>
> Sjølv har eg aldri vore lærar (takk og pris). Eg har vore elev, rett nok
> for lenge sidan, og har to ungdommar som opplever skulen nokså ulikt.
> Den eine er meir motivert enn den andre, om eg kan seie det slik, og
> resultatet blir deretter.
>
> Elevtida startar ved 6-års-alderen og sluttar for dei fleste når dei er
> ca. 19. Her er det sjølvsagt store forskjellar på aldersgruppene. Gunnar
> skriv om ungdomsskulen, dvs. 13-16-åringar, men også her er det stort
> sprik. Ikkje alle modnast på likt, og innafor same klasse kan det vere
> bortimot eit års aldersforskjell på elevane. Somme kan til ein viss grad
> "ta ansvar for sin egen læring", andre greier det ikkje.
>
> > Med reeell innflytelse fra elevenes side er jeg
> > overbevist om at vi ville ha fått en mye bedre skole. Det er elevene som
> > vet hvor skoen trykker, hva som gjør skolen god og dårlig.
>
> Er det læraren Gunnar Mjaaland som skriv dette, eller er det ein elev
> som har lånt e-post-adressa hans? :-) Elevane veit mykje om dette frå
> sitt perspektiv, men ikkje alle "veit" det same, av dei grunnane eg har
> nemnt. Dei som snakkar høgast, er kanskje "duksane" og "bråkebøttene",
> og dei har vel ikkje skotrykket på same stad? Få av dei unge elevane
> veit særleg mykje om kva krav samfunn og arbeidsliv stiller til
> kunnskapar.
>
> > Og hvis vi lærerne gjør jobben vår, legger
> > tilrette og gir elevene ansvar vil læringa blomstre. Og elevne vil ikke
> > finne seg i at noen få ødelegger for de som vil lære.
>
> Ein perfekt lærar i ein perfekt skule - kor mange slike finst det?
> Korleis skal dei elevane som ikkje vil "finne seg i...", gå fram, reint
> praktisk, for å setje dei andre på plass - og kva slags plass får dei?
>
> > Er undervisningen kjedelig, bør det være fritt frem å forlate klasserommet.
>
> Kven har då ansvaret for at denne eleven ikkje lærer noko? Kan eleven
> seinare saksøke kommunen for manglande opplæring?
>
> > En umotivert elev lærer ikke noe allikevel.
>
> Jau, det kan han gjere, men motivering kan vere så mangt. Når verken
> foreldra eller læraren kontrollerer om elevane har gjort leksa, blir det
> mykje slendrian. Somme elevar gjer i beste fall det dei "må", dvs. det
> læraren har sagt dei skal gjere, eller meir presist: det dei har
> oppfatta at læraren har sagt dei skal gjere. Ekstraoppgåver som kan vere
> viktige for å forstå stoffet eller øve inn teknikkar, gjer dei ikkje.
>
> Å motivere elevane til å lære fordi dei har bruk for kunnskapar, er ei
> stor utfordring både for skulen og heimen. Det ideelle er sjølvsagt at
> stoffet er lagt til rette og blir presentert på ein slik måte at det
> fengar interesse hos elevane, men det er ikkje alltid
> lærebokforfattarane greier det, og som nemnt er ikkje alle elevane like
> mottakelege.
>
> Sjølvsagt har politikarane og departementet eit overordna ansvar for
> læreplanar og ressursar, men eg tek ikkje opp den debatten no. I staden
> spør eg Gunnar: Korleis vil du organisere ein elevstyrd skule som
> fungerer?
>
> Eg ønskjer også ein debatt om korleis vi best hjelper elevane gjennom
> skuleverket. Saka burde interesse både lærarar, elevar og foreldre, men
> ho er kanskje for banal for folk på KK-forum?
>
> Lars Staurset
>