Re: Tampen brenn?

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 6 Apr 1998 13:55:24 +0200 (MET DST)

Per I. Mathisen:

> "KVJ" sin skrivestil er svært fyldig og han skriver mye, og jeg hopper
> selv over like mye som jeg leser av ham, men til forskjell fra andre her
> på forumet, så skriver han godt, reiser gode og tankevekkende poeng, og ser
> ut til å gå inn i diskusjoner med åpenere sinn enn de fleste andre.

Eliassen:

Det kan vel hende at KVJ sitt opne sinn har sine klare
blokkeringar. Eg veit ikkje kor ope det er å drive systematisk hets mot
kommunistar og det han oppfattar som kommunistar. Eg veit ikkje kor ope
det er å fordjevle t.d. Stalin ut av politikken og inn i mytologien.
Det er ikkje primært ein open hug slikt minner meg om. Det viser ikkje vilje til
intellektuelt interessante diskusjonar. Det viser tvert om vilje til å
gjere fornuftige diskusjonar vanskelege.
Kan Per Mathisen forklare meg kva som skil KVJ si antikommunisme frå
antikommunismen i vekebladet "NÅ" og i andre Libertaskrinsar for 30 år
sia?
Eg ser berre to skilnader. KVJ sine tiradar kjem frå ein sjølvproklamert
venstreposisjon. Libertashetsen kom som mange hugsar, frå høgre.
Dessutan var Libertas i pakt med samtida si. Det er ikkje KVJ.
Hetsen mot Stalin og stalinistar som KVJ og andre dyrkar som ein
lidenskap, kom med den kalde krigen på slutten av 40-talet.
Antikommunismen tente viktige ideologiske oppgåver i vest.
Den perioden er over.
Når antikommunismen ikkje er heilt daud, så kjem det av at ikkje alle
korsfararar omstiller seg like lett.
Mange har vanskar med å veksle spor frå antikommunisme til
antiislamisme. Men ikkje alle. I Klassekampen les eg med interesse
innlegga til skodespelaren Jan Hårstad. Han har langt på veg oppfatta
vinddraga i det nye.
Lær av han!
Antiislamismen har den fordelen framfor antikommunismen at hetsen stort
sett råkar mørkhuda som vil knulle kvinnfolka våre og ete maten vår.
Kommunistane var dessverre kvite mange av dei. Det gjorde ikkje kampanjane
lette alltid.

Mathisen rosar KVJ for å skrive godt. Kanskje synest Mathisen det er
greitt at KVJ utførere rakkarjobben med å ta
kommunistane, så slepp han sjølv?

Det er også ein posisjon.

Finn Sindre Eliassen