Re: filmvold (var kultur)

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 24 Mar 1998 14:31:16 +0100 (MET)

Problemet med desse filmene er ikkje i røynda at dei er så ultravaldelege.
(sjølv om det i seg sjølv kan vera negativt) men at dei tilleggast alle
moglegekvasiradikale "bodskap". Det er til dømes særs vanskeleg å vera
usamd med regissøren når han prater om at politiet ofte er fæle folk,
eller kritiserer religion osb. Og filmgjengarane har og rett når dei seier
at filmer som spreier muslimhets er farlegare. Problemet er at dette vert
del av ein heilskapelg "politisk" subkultur - postmodernismen, generasjon
x, gi faen-haldning- "kjært" barn har mange navn.
Dette er ungdommane som har opplevd og høyrt om nok dritt i samfunnet til
at dei innser at mykje er gale, men som finn sitt "opprø" i det å bryta
ned alle "fordommar", "ta oppgjer med borgarleg sneversyn" osb. Svaret er
med andre ord å kasta seg inn i den totale deka-dansen kring gullkalven
"underhaldning".

Til dei spørsmåla Trond reiser:
Eg har ikkje tid til å svara grundig no, men dette vert eit spørsmål om
grenser- kva er sunn skepsis og konsekvent haldning, og kva vert
puritanisme, asketisme og moralisme? Vanskeleg etter mitt syn, men her er
nokre døme på ting som tilhøyrar første kategori.
-Å boikotta Tyrkia som feriemål. Dette reddar ikkje kurdarane, men er ei
viktig symbolhandling.
-Å ikkje lesa porno/kjøpa prostituerte. Ditto.

...osb. Poenget, som Christian Jacobsen i røynda er inne på, er at vi
lever i Kapitalismen, og kan ikkje ved hjelp av individuelle val oppheva
han. Eg vert temmeleg pragmatisk personleg i slike spørsmål: Gjer det som
har meist effekt, sett ut i praksis dei prinsippa som er "viktigast". For
som Christian har eg og eit problem - mykje av produkta av systemet er
ting er oppdratt til å lika, som alle andre er. Men det fritek ikkje meg
frå ansvar for å forsøka å endra på desse tinga. Eg meiner at eg har rett
til å kritisera valdsfikseringa i filmverda nord og ned SAMSTUNDES som eg
ser James Bond-filmar med glede.

Hmmm...eg hadde visst litt for lang tid lell, der gjekk bussen min.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel