Re: Saksopplysning

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 16 Mar 1998 11:56:51 +-100

> Eg er ikkje interresert i å bli oppfatta som ein representant for dette partiet, og reiknar med at
> partiet ikkje ynskjer at mine meiningar skal bli oppfatta som partiets
> line.

ELIASSEN:
Greitt, Marsdal. Eg har oppfatta at du ikkje er spedalsk.

MM:
Du misforstår. Eg kan seia nett det same om SV, korkje eg eller SV ynskjer at eg skal oppfattast som representant for SV. Eller Sp, det same gjeld der òg. Dette handlar ikkje om "spedalsk", det handlar om kor ein faktisk er medlem og ikkje. Når fleire folk skriv som om eg var med i AKP er det sjølvsagt trong for ei enkel saksopplysning.

> Eg veit det kan vera eit tung utfording for ein del folk at ikkje alle på venstresida vil vera med å
> stå i dei trygge, gamle, oversynlege båsane, men slik er det altså.

ELIASSEN:
Kven har fortalt Marsdal at dei gamle båsane er trygge? Det er mykje
tryggare å vere moderne.

Forunderleg mange trur som Marsdal at dei kjøper seg truverde ved å
proklamere offentleg at dei ikkje er medlemar av AKP. Og det gjer dei
sikkert; i krinsar som iallfall ikkje eg vil ta i med eldtong.

Eg veit berre ei populær botsøving som er mindre tiltalande enn denne; å
bruke år av livet på å angre offentleg på at dei ein gong var med i AKP.

Finn Sindre Eliassen

MM:
For Eliassen verkar i alle høve "båsane" ganske trygge, i tydinga "ukompliserte/uforandra". For han er det så enkelt som dette: Alle som er revolusjonære er med i AKP. Dei einaste revolusjonære som ikkje er det, er ikkje-medlemmar fordi dei "kjøper seg truverde" ved å "proklamere" at dei ikkje er med i AKP. Og så har vi sjølvsagt dei som TRUR dei er revolusjonære, men eigentleg ikkje er det, pga ulike kombinasjonar av avvik, dei er heller ikkje med i AKP. For der ER alle revolusjonære, det er jo sjølvaste AKP!. Så EIGENTLEG er eg, og ein heilt bråte med revolusjonære ungdomar, AKP-arar, vi er berre for feige eller "moderne" til å bli med i Den Sanne Vegs Kommunistparti. Vi "kjøper oss truverde" hos krinsar som Dei Verkeleg Revolusjonære ikkje vil ta i med eldtong.

(Å nemna offentleg at ein ikkje er med i AKP når andre antyder at ein er det, er ifylgje Eliassen ei svært lite tiltalande "botsøving". Eg skjønner ikkje heilt kva eg øva bot for? Kva er det eg øver bot for, Eliassen?)

Problemet til Eliassen, og dermed AKP, er at han sit så inngrodd fast i botn av den lille brønnen sin, som dessutan blir smalare for kvart år (det var ein metafor for å ha eit stendig snevrare utsyn til verda). Han operer med eit politisk kart som seinast vart oppdatert i 1989, kan det verka som. Alle standpunkt, alle ytringar, blir tolka inn i dette verdsbiletet, verda sett frå sektas indre. For Eliassen er det UTENKJELEG at ein revolusjonær ungdom som Magnus kan ha andre grunnar til å ikkje vera med i AKP enn at Magnus har bukka under for det borgarlege presset, og freistar "kjøpa seg truverde". For kva andre grunnar skulle finnast? Dette er jo Arbeidarane sitt Kommunistaparti, er det ikkje? Kva meir kan ein revolusjonær ynskja seg?

Dermed utgjer Eliassen sjølv eit godt argument for å ikkje melda seg inn i AKP, slik eg ser det. Skal ein koma nokon veg må ein ha evne til å samla folk og byggja politiske allianser. Dette er òg en føresetnad for å attreisa ei sterk revolusjonær rørsle i Noreg. Slikt vil Eliassen stilla seg reint og raudt i vegen for, i alle høve tykkjer han slike som eg (som konstant blir utskjelt som venstresekterisk stalinist!) er feige folk som "kjøper seg truverde". Eg harvandt for å sjå kven det er Eliassen har tenkt å alliera seg med. (Det må vel vera Arbeidarklassen...)

Med det same MÅ eg seia at MANGE AKP-ARAR ER IKKJE SLIK. Det er feil å peika på utsagna frå Eliassen og seia at SLIK ER AKP, det er òg ei sekterisk innstilling der ein har bestemt seg på førehand. Det finst folk i AKP som har oppdaga at den brønnen dei sit i ikkje lenger er den einaste moglege ståstaden for revolusjonære i Noreg, og legg opp sin politiske taktikk andsynes omverda etter dette. Med andre ord: Slett ikkje alle AKParar er inngrodde sekteristar. Desse folka utgjer på mange vis gode argument FOR å melda seg inn i AKP, slik eg ser det. Men det har eg altså ikkje gjort, og det kjem ikkje til å gjera heller, trur eg.

Då skulle den mistydinga vera oppklåra

Revolusjonær helsing

Magnus Marsdal