Re: Saksopplysning

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 16 Mar 1998 14:28:00 +0100 (MET)

> Marsdal:

> Du misforstår. Eg kan seia nett det same om SV, korkje eg eller SV ynskjer at eg skal
> oppfattast som representant for SV. Eller Sp, det same gjeld der òg.

Eliassen:

Kven bryr seg om den eller den er medlem av Sv, Sp osb.? Neppe andre enn
dei som krev inn kontingent.

Marsdal:

> Dette handlar ikkje om "spedalsk", det handlar om kor ein faktisk er
> medlem og ikkje. Når fleire
> folk skriv som om eg var med i AKP er det sjølvsagt trong for ei enkel
> saksopplysning.

Eliassen:

Jau, det kunne gå som ein enkel saksopplysning om verda var annleis. Men
eg synest du undervurderer klimaet som rår i den politiske debatten. Eg
tenkjer på hangen til å demonisere kommunistar, AKParer, stalinister eller
kva merkjelapp som no vert brukt.
(Eit lærestykkje i demonisering og kva den mekanismen skal tene til, har
elles vore tilgjengeleg på scenen i samband med USAs aggresjon mot Irak
siste vekene.)
Det er ikkje Marsdal som brukar mekanismen. Det er andre. Men han let seg
lure.

> Marsdal:

> (Å nemna offentleg at ein ikkje er med i AKP når andre antyder at ein er det, er ifylgje Eliassen ei
> svært lite tiltalande "botsøving". Eg skjønner ikkje heilt kva eg øva
> bot for? Kva er det eg øver bot for, Eliassen?)

Eliassen:

Du øver bot for at du har late mistanken oppstå at du var AKPar. Det er du
ikkje. Og mistydinga er no rydda av vegen.

Ein del eldre figurar både her på forumet og elles angrar
ustoppeleg offentleg for at
dei ein gong på 70-talet var med på studiesirkel i ml-rørsla eller var
medlemer av AKP.

Den siste typen botsøving er reservert slike som har nokre år på baken.
Til og med forfattarskap kan tuftast på den synda; Harald Skjønsberg.

Marsdal:

> Problemet til Eliassen, og dermed AKP, er at han sit så inngrodd fast i botn av den lille brønnen
> sin, som dessutan blir smalare for kvart år (det var ein metafor for å
> ha eit stendig snevrare utsyn til verda).

Eliassen:

Kva veit vel Marsdal om mitt organisatoriske forhold til AKP? Det har
nemleg inga sunn offentleg interesse. Eg har aldri sagt offentleg noko
om det. Og kjem heller aldri til å gjere det. Og kva veit vel Marsdal om
mitt utsyn til verda?

Marsdal:

> Han (Eliassen) operer med eit politisk
> kart som seinast vart oppdatert i 1989, kan det verka som.

Eliassen:

Murens fall.. Glimrande Marsdal. Klisjeane er godt innøvde.

Marsdal:

> Alle standpunkt, alle ytringar, blir tolka inn i dette verdsbiletet, verda
> sett frå sektas indre. For Eliassen er det UTENKJELEG at ein
> revolusjonær ungdom som Magnus kan ha andre grunnar til å ikkje vera med
> i AKP enn at Magnus har bukka under for det borgarlege presset, og
> freistar "kjøpa seg truverde". For kva andre grunnar skulle finnast?
> Dette er jo Arbeidarane sitt Kommunistaparti, er det ikkje? Kva meir kan
> ein revolusjonær ynskja seg?

Eliassen:

Om Marsdal er med i AKP er ikkje er ei sak for han. Det bryr eg meg ikkje
om. Det eg reagerer på, er at han går inn i ein trend så allmenn at
han ikkje ser han; hangen til å fordjevle av ei politisk retning.

Finn Sindre Eliassen