Saksopplysning

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sat, 14 Mar 1998 14:44:17 +-100

Eg veit dette kan sjå dumt ut, men etter innlegga frå Solberg og Windingstad kjenner eg trong til å koma med ei saksopplysning:

Eg har aldri vore med i AKP, og er det heller ikkje no. Eg har ved somme høve vorte høfleg oppmoda til å melda meg inn, men har altså takka nei.

Eg er ikkje interresert i å bli oppfatta som ein representant for dette partiet, og reiknar med at partiet ikkje ynskjer at mine meiningar skal bli oppfatta som partiets line.

Eg veit det kan vera eit tung utfording for ein del folk at ikkje alle på venstresida vil vera med å stå i dei trygge, gamle, oversynlege båsane, men slik er det altså. Faktisk trur eg eit stort fleirtal i Klassekampens redaksjon er slike folk som ikkje passar inn i skjemaet til NKP og AKP. Skummelt!

Beste helsing

Magnus E. Marsdal