Re: Saksopplysning

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 16 Mar 1998 09:57:20 +0100 (MET)

On Sat, 14 Mar 1998, Magnus Marsdal wrote:

> Eg veit dette kan sjå dumt ut, men etter innlegga frå Solberg og Windingstad kjenner eg
> trong til å koma med ei saksopplysning:
> Eg har aldri vore med i AKP, og er det heller ikkje no. Eg har ved somme høve vorte høfleg oppmoda til å melda meg inn,
> men har altså takka nei.

Slike "saksopplysningar" har - gudbedre - offentleg interesse. Men
kjenner ikkje Marsdal trong til å tenkje over kva som ligg bak den
offentlege interessa for slikt?

> Eg er ikkje interresert i å bli oppfatta som ein representant for dette partiet, og reiknar med at
> partiet ikkje ynskjer at mine meiningar skal bli oppfatta som partiets
> line.

Greitt, Marsdal. Eg har oppfatta at du ikkje er spedalsk.

> Eg veit det kan vera eit tung utfording for ein del folk at ikkje alle på venstresida vil vera med å
> stå i dei trygge, gamle, oversynlege båsane, men slik er det altså.

Kven har fortalt Marsdal at dei gamle båsane er trygge? Det er mykje
tryggare å vere moderne.

Forunderleg mange trur som Marsdal at dei kjøper seg truverde ved å
proklamere offentleg at dei ikkje er medlemar av AKP. Og det gjer dei
sikkert; i krinsar som iallfall ikkje eg vil ta i med eldtong.

Eg veit berre ei populær botsøving som er mindre tiltalande enn denne; å
bruke år av livet på å angre offentleg på at dei ein gong var med i AKP.

Finn Sindre Eliassen