SV: VS: Kommentar:"Kapitalismen kan leve evig"

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Mar 29 2001 - 19:04:15 MET DST

  • Next message: jonivar skullerud: "[fwd] Free Bandazhevsky - email urgent action"

    Karsten Johansen skriv:

    >Dere skjønner ikke at solas innstråling til jorda er begrensende for
    >jordas produksjon av grønne planter og at dette begrenser alt annet. I dag
    >tar vi ut førti pst. av dette. Om førti år er menneskene dobbelt så mange.

    Desse dommedagsscenarioa er heilt feil. På kva måte tar vi ut 40% av
    produktet av fotosyntesen? Inklusive produksjonen i havet blir langt mindre
    enn 1% av fotosyntesens produkt brukt direkte av menneske. Det meste tar
    insekter, bakteriar, sopp og diverse smådyr i havet seg av. Litt av dette
    blir etterkvart langt oppe i kjeden brukt av oss, men vekstpotensialet er
    framleis enormt. Sidan vi ønskjer oss fleire artar en mais, planteplankton
    og menneske på jorda ønskjer vi ikkje å utnytte potensialet fullt ut, men
    det er ei anna sak.

    Så påstår du at om 40 år er menneskene dobbelt så mange. Dette er ei
    seigliva myte. Faktum er at veksten i befolkningstalet nådde toppen rundt
    1990. I dag er veksten nede på 77 millionar pr år. Ifølge FN (sjå f.eks.
    www.un.org/esa/population/wpp2000h.pdf ) er det sannsynlige befolkningstalet
    rundt 9,3 milliardar i 2050.

    Eg er ikkje uenig i at vi har store problem dersom vi skal fortsette og auke
    den ressursbeskatninga vi har i dag, men eg synest vi kan konsentrere oss om
    dei problema som eksisterer i staden for å konstruere nye på skrivebordet.

    Ottar Birkeland



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 29 2001 - 19:58:10 MET DST