Re: KK som ukeblad

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 27 May 1998 14:39:33 +-200

KRITIKK?

Vi i Klassekampen vil gjerne ha kritikk og innspel frå KK-forum. Men:

Noko mindre konstruktivt enn Trond Andresens "kritikk" av portrettintervjuet i KK sist laurdag skal ein leita lenge etter. Det er heilt OK at innhaldet ikkje interesserer Trond, ei avis med mål om minst 10 000 abonnentar kan sjølvsagt ikkje tilfredsstille alle 100% heile tida. Vi må jamvel ha rom for ein del som somme lesarar finn heilt uinteressant. Å innsjå dette handlar også om respekt for at andre folk har andre innfallsvinklar og andre synspunkt enn ein sjølv. (Dette er ikkje å INSINUERA noko som helst, til opplysning for dei som evt. måtta ha lyst til å svara polemisk mot min dulgte insinuasjon, som altså ikkje finst.)

Nuvel. Her har vi altså ei programleiardame med sokalla fleirkulturell bakgrunn. Ho blir portrettert i KK. Om ho er eit interessant objekt eller ikkje kan ein sikkert diskutera. Svaret på det spørsmålet er nok ganske subjektivt, det finst ikkje objektive kriterie for slikt i Klassekampen, serleg ikkje i Laurdagsmagasinet som IKKJE driv med den typen "sterkt politisert nyhendedekkjing" som vi i nyhenderedaksjonen gjer. Altså; intervjuobjektet er valt, og journalisten pratar med Khan. I avisa blir det teikna eit bilete av dama, "på godt og vondt", som det heiter. Dette inkluderer faktisk det Khan seier om sminke, klede etc. Det er ein del av portrettet! Den som les ut av dette at det er redaksjonell "line" i KK at "leppestift er interessant og viktig i seg sjølv", bør tenkja ein gong til, trur eg.

Når det gjeld mi eiga, subjektive, oppfatning av det som står om Khan, må eg innrømma at dei avsnitta som TA siterer INTERESSERTE meg. Ikkje enormt mykje, ikkje slik at eg kan forklåra det, men det INTERESSERTE meg då eg las det. Ein av grunnane til det er nok at teksten er godt skriven, til dels sers godt, sånn etter min smak. Og det er ikke noko vi i Klassekampen skjemmar bort lesarane med for ofte, så det fortener redaksjonen og journalisten honnør for.

Det var mitt syn, tillbake til utgangspunktet. "Kritikken" frå Andresen er ikkje konstruktiv, slik eg ser det. Difor reagerer eg. Desom det blir sendt mange ukonstruktive innlegg om KK til KK-Forum, mister KK-Forum mykje av potesialet som eit nyttig korrektiv-forum for avisa. Vi i redaksjoen kjem rett og slett til å gjera bruk av vår rett til å gje faen i Forumet, nett som den førre redaksjonen gjorde, og det er jo slett ikkje ynskjeleg. Forumet har allereie eit (ofte velfortent) rykte på seg som ein arena for kjekkasseri og utskjelling. Det som trengst er å betra dette ryktet.

Eg ynskjer oss alle lukke til.

Beste helsing

Magnus E. Marsdal

(Nyhendeleiar i Klassekampen)