Kva kan vi lære av Pol Pot?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 21 Apr 1998 00:56:15 +0200

Karsten Vedel Johansen wrote:
>
> At 16:17 20.04.98 +0200, Lars Staurset wrote:
> >I Kambodsja i syttiåra var det i det minste tre partar som drap. Kan
> >nokon svare meg omtrentleg på følgjande:
> >
> >a) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) av den
> >amerikanske bombinga og Lon Nol-styret fram til 1975?
> >
> >b) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) under Pol
> >Pot-styret 1975-78?
> >
> >c) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) under den
> >vietnamesiske invasjonen og Heng Samrin-styret?
>
> Lars, de tallene er da revnende likegyldige! De eksakte tall vil vi
> aldri få
> vite. "I enhver krig er det første offeret sannheten". For a) og b) er
> de
> ifølge de fleste oppgjørelser kolossale.

Eg synest ikkje tala er likegyldige, for dei kastar lys over historia,
men det er sjølvsagt vanskeleg å vite kor store dei er. Kambodsja i 1975
- etter fleire år med intens bombing og krig - må ha vore eit fælt kaos.
Sannsynlegvis ville mange ha døydd i åra etter, same kven som styrte og
korleis, pga. matmangel og krigsskadar på folk og miljø. Pol Pot må
dømmast etter i kor stor grad fleire enn dette mista livet, men
sjølvsagt også etter kva metodar han brukte.

Vitsen med denne diskusjonen må likevel vere kva vi kan lære av det som
hende den gongen. Vi som hadde gått i demonstrasjonstog mot
USA-imperialismen i fleire år, jubla då marionetteregima fall, først i
Kambodsja, så nokre dagar seinare i Sør-Vietnam. Sjølv når vi ser
tilbake no, angrar vi vel ikkje på at vi støtta FNL og Raude Khmer mot
USA? Det var naturleg å stø dei regima som hadde frigjort (utan
hermeteikn) landa sine.

1975 var få år etter kulturrevolusjonen i Kina, og det ordet hadde
framleis ein positiv klang. Mao levde enno. Det nye styret i Kambodsja
(Demokratisk Kampuchea) gjekk i gang med ein slags kulturrevolusjon. Den
kunne vi lese mykje negativt om i borgarpressa, men vi "visste" jo at
den laug. (For nye lesarar: Norsk presse under Indokina-krigen var -
etter kvart med nokre unntak - minst like sterkt for USA som norsk
presse i 1994 var for EU.)

Etter kvart oppstod det usemje og konflikt mellom Vietnam og Kambodsja,
ei avspegling av den store Sovjet/Kina-striden, og då Vietnam invaderte,
måtte vi velje side. Johansen skriv:

> Når det gjelder Vietnams invasjon/støtte til Heng Samrin: jeg tviler
> på det
> her gikk flere tapt enn i en vilkensomhelst moderne krig ellers. Jeg
> synes
> de alliertes invasjon av nazi-Tyskland 1944-45 gitt situasjonen var på
> sin
> plass. På samme måte heller jeg til å mene at Vietnams invasjon av
> Kambodsja
> var bedre enn at morderne fikk fortsette (dette mente vi også i VS'
> internasjonale utvalg, dengang dette bega seg), selvom jeg ikke nærer
> noen
> illusjoner om Vietnams motiver. Legg vel merke til at USA her
> plutselig
> støttet - Pol Pot! Makan til hykleri skal man lete etter. Visse brudd
> på
> humaniteten må bare stoppes. I forhold til Pol Pot var Vietnams
> invasjonsregime et humant eldorado. At Vietnams forsøk på å skape et
> varig
> lydregime eller annektere deler av området på den annen side må taes
> avstand
> fra, er en selvfølgelighet.

Eg synest det er problematisk å støtte ein invasjon uansett.
Samanlikninga med nazi-Tyskland held ikkje, for Kambodsja førte ikkje
krig utanfor eigne grenser. Som Johansen er inne på, hadde Vietnam andre
- og sikkert viktigare - motiv enn å stoppe Pol Pot. Johansen gjer det
enkelt for seg med å vere både for og mot invasjonen.

Poenget er likevel å finne ut kva vi kan lære av historia. Sjølvsagt var
det naivt å tru at alt skulle bli bra berre USA var kasta ut og folka
fekk styre seg sjølve. Men kva visste vi den gongen, og kva burde vi ha
visst? Kva informasjonar kunne vi lite på, etter alle løgnene som pressa
hadde spreidd? Og kva veit vi no?

Tjue år etter er det lett å fordømme noko som hende på andre sida av
kloden. Vi kan også lett og greitt fordømme nedslaktinga i Rwanda,
drepinga i Aust-Timor og slaveriet i USA (og då har eg ikkje nemnt
Stalin). Vi sit på ein måte med fasiten i handa.

Det er seint, og eg må avslutte skrivinga no. Kan vi få ein debatt om
korleis vi handterer ein dramatisk situasjon medan vi står oppe i han,
*før* han blir historie? Vi skal jo gjere revolusjon, skal vi ikkje???

Lars Staurset